Personvern og informasjonskapslar

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Sunnmøre Folkehøgskule samlar inn og brukar personopplysningar om deg.

Sunnmøre Folkehøgskule er ansvarleg for behandling av personopplysningar som skildra i denne personvernerklæringa. Her forklarer vi kva personopplysningar vi lagrer og korleis vi behandlar dei. Sunnmøre Folkehøgskule sel ikkje personopplysningar til tredjepart, ei heller byter eller videreformidlar denne informasjonen til tredjepart. Utanforståande kan kun få innsyn i denne informasjonen dersom dei skal gjennomføre bestemte tenester for oss. Ved kontaktskjema samlast det inn informasjon for å kunne nå kunden. Desse opplysningane blir ikkje delt med andre. Personopplysningar vi samlar inn og behandler:

  • Grunnleggande informasjon: namn, fødselsdato
  • Kontaktinformasjon: adresse, telefonnummer, epostadresse
  • Betalingsinformasjon: adresse, telefonnummer, organisasjonsnummer
  • Kundehistorikk og kundeengasjement: bestillings- og leveringsopplysningar, informasjon frå handlekurv og kontaktskjema
  • Cookies: sjå vår informasjon om informasjonskapslar/cookies under

 

 

Vår bruk av personopplysningar

Levering av teneste/avtaleinngåing
Vi brukar dine personopplysningar til å oppfylle våre avtaler med deg, det vil sei når du har bestilt eit produkt eller ei teneste frå oss. Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysninger til dette formålet er at behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale med deg.

Administrasjon av kundeforhold
Vi bruker dine personopplysningar til å administrere vårt kundeforhold med deg. Det kan for eksempel være kundeservice, klagebehandling og feilretting vedrørande ditt kundeforhold. Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar til dette formålet er at behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale med deg.

Salg og markedsføring
Vi brukar personopplysningar i samband med salg og markedsføring av våre produkt og teneste, for eksempel ved at du mottek epost frå oss. Det er mogleg å reservere deg frå delar av denne behandlinga ved å for eksempel reservere deg frå å motta epost fra oss. I tillegg til dette kan vi også be deg om samtykke til å bruke dine personopplysningar til såkalt profilering. Hensikta med profilering vil vere at markedsføringa vår skal bli meir relevant.

Sikkerheit, avdekking av svindel og kriminelle handlingar
Vi behandlar personopplysningar i vårt arbeid med å beskytte våre brukarar og oss sjølve mot svindelaktivitet, misbruk og kriminelle handlingar. Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar til dette formålet er vår berettigede interesse.

Overhalde rettslege forpliktingar
I enkelte tilfeller er vi pålagt å behandle personopplysningar av omsyn til andre rettslege forpliktelsar. Eit eksempel på dette er informasjon knytta til salg, som vi er pliktig til å regnskapsføre og oppbevare i henhold til bokføringslova. Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar til dette formålet er at behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein rettsleg forpliktelse som kviler på oss.

 

 

Dine rettar

Rett til innsyn i eigne opplysningar
Du kan be om en kopi av alle opplysningar vi behandlar om deg. Ta kontakt på epostadressen ovanfor for å bruke innsynsretten din.

Rett til korrigering av personopplysningar
Du har rett til å be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.

Rett til sletting av personopplysningar
Du har rett til å få dine personopplysningar sletta utan ugrunna opphald. Du kan difor når som helst be oss slette opplysningar om deg. Merk at informasjon som vi er pålagt behalde av hensyn til andre rettslege forpliktingar (som for eksempel bokføringslova) ikkje vil bli sletta.

Avgrense behandling av personopplysningar
I nokre situasjonar kan du også be oss avgrense behandling av opplysningar om deg.

Dataportabilitet
Du har rett til å få utlevert dine personopplysningar.

 

 

Informasjonskapslar (“Cookies”)

På denne nettsida nyttar vi informasjonskapslar. Denne cookie-erklæringa skildrar bruken av informasjonskapslar på sunnmore.fhs.no, samt til kva slags formål vi nyttar informasjonskapslar til.

Funksjonelle cookies
Dette er nødvendige informasjonskapslar som sørger for at nettsida fungerer som den skal.

Analyse og statistikk
Dette er informasjonskapslar som brukast til trafikkmåling og analyse av bruksmønster etc.

Personalisering/tilpasning
Informasjonskapslar som brukast til å tilpasse nettsida basert på kva vi veit om deg. Det kan for eksempel vere at vi viser informasjon om produkt/tenester som vi trur kan vere interessant for deg fordi du har vist interesse for produktet/tenesten frå tidlegere besøk på nettsida.

Markedsføring
Dette er informasjonskapslar som brukast til å styre markedsføringa vår, ved for eksempel å vise annonser på andre nettsider til dei som har besøkt denne nettsida.

Annonser
Dette er informasjonskapslar som brukast til å vise annonser på denne nettsida.

Ved å akseptere bruk av informasjonskapslar på – sunnmore.fhs.no – samtykker du i at det blir sett informasjonskapslar i nettlesaren din. Denne informasjonen kan på ingen måte sporast tilbake til ein enkeltperson.

Håkon Igland (ny lærar 23/24)

I ung alder tok Håkon ein trippel salto og landa litt uforsiktig i eit badekar med Møllers Tran. Etter det har han faktisk aldri blitt eldre, bare enda mer supergira på parkour. Rart nok har han også alltid tid til klatring, paragliding, jibbing, skating og alle andre «-ing»-ting. 

Slik går du fram i søkjeprosessen på nav.no

Her er ein vegleiar i søkjeprosessen

Sjølv om Bo.Aktiv er ei tilrettelagt linje, er det ikkje sikkert vårt opplegg er det beste tilbodet for akkurat deg. Det kan difor vere ein fordel å ringe skulen før du sender inn ein søknad. Då vil vi gje deg meir informasjon om tilbodet vårt, og om kven vi erfaringsmessig tenkjer opplegget passar best for.

Neste steg på vegen mot ein skuleplass er å sende inn ein søknad. I etterkant av søknaden vil både søkjeren og føresette/kontaktpersonen motta ein epost med eit skjema som vi ber dykk fylle ut. Dette skjemaet gjev skulen meir informasjon om deg som søkjar.

Etter at skjemaet er motteke, blir dykk invitert til eit møte på skulen der dykk får omvisning og vi får tid til ein utfyljande prat for å bli betre kjend. Innan ei veke etter besøket vil de få ei tilbakemelding frå skulen om du har fått skuleplass eller ikkje. I dette brevet vil du også få ein oversikt over dei ekstra kostnadane som denne linja krev. Denne oversikten legg du ved søknaden til NAV.

Det tek tid å få godkjenning frå NAV og dei stiller krav til ein god dokumentasjon av behovet for støtte. Det er difor viktig at den faglege grunngjevinga er på plass.

Her finn du tips til korleis du går fram på nav.no.

  • Skriv «folkehøgskole» i søkjefeltet på nav.no og vel «Opphold på folkehøgskole» Då får du opp litt generell informasjon.
  • Bruk søknadsskjema «NAV 10-07.18» til sjølve søknaden. Her vel du «Jeg vil søke om stønad til opphold på folkehøgskole, første skoleår»
  • Legg ved ein uttale eller vurdering av behovet for skuleplass frå lege, PP-tjeneste eller andre fagpersonar. Det er denne grunngjevinga som avgjer om NAV dekkjer opphaldet eller ikkje. Her må du altså ta deg tid til å samle nødvendige papirer.
  • Legg ved eit begrunna kostnadsoverslag over ekstrautgifter som NAV skal dekke. Dette finner du vedlagt i brevet du mottok frå oss saman med tilbodet om skuleplass.

 

 

 

Ledig stilling reinhaldar/kjøkkenassistent

Reinhaldar/kjøkkenassistent

Frå 01.01.21. har vi ledig 50% stilling som reinhaldar med høve for utviding av stillingsprosent som kjøkkenassistent på sikt.

Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innanfor reinhald og kjøkkendrift.
Vi søkjer ein person som er fleksibel, nøyaktig i arbeidet og med ”stå-på-vilje”.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og kompetanse ved tilsetjing.

 

Kjøkken- og reinhaldsavdelinga har om lag 13 tilsette. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, lønns- og arbeidsvilkår etter avtale og medlemsskap i Statens pensjonskasse.

 

Søknad med CV skal sendast digitalt til:

post@sufh.no

Søknadsfrist: 30.10.2020

 

Spørsmål kan rettast til kjøkkensjef Arve N. Ertesvåg tlf: 7000 9608 mob: 905 20 062  e-post: ae@sufh.no eller rektor Arnt Ole Grimstad, tlf. 7000 9600 mob: 928 12 216 e-post: aog@sufh.no

Les meir om linja

Halvårskurset vil ha base på Sunnmøre Folkehøgskule. Vi vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv.

Kurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjon i grupper. Organiseringa vil mellom anna vere gruppeoppgåver, foredrag frå fagpersonar, besøk hjå institusjonar og praksisplass.

Opplegget er utarbeida i samarbeid med skulen sin partner Norges KFUK-KFUM  og deira internasjonale søsterorganisasjonar. Mykje av den erfaringsbaserte læringa vil skje i samarbeid med dei.

Våren 2018 er det 18 elevar i klassa og 11 av dei er internasjonale elevar. Ein viktig ledd i kulturforståing og utveksling skjer difor internt i gruppa. Språket på denne linja er engelsk.

Les meir om linja

Denne linja er ein fin overgang for deg som snart skal flytte heimanfrå og bu for deg sjølv.

Bo.Aktiv er ei tilrettelagt linje med plass til 6-8 elevar. I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din, utarbeidar vi personlege målsetjingar for deg.

Fellesskap
Bo.Aktiv (BOA) har ein del undervisning for seg sjølve, men deltek også på fellesfag, valfag, måltid og sosiale aktivitetar ilag med 100 ungdomar på skulen. Heile skulen reiser også på mange turar i løpet av året, og er saman på laurdagsseminar, elevkveldar, musikal, kapellsamlingar, filmkveldar og andre fellesopplegg.

Nye rammer
Du er sikkert spent på korleis det blir å bu her på skulen eit heilt år. For mange er dette første året heimanfrå, så det blir eit viktig år i livet ditt der du får prøve mykje nytt. For nokon kan det vere å setje på vaskemaskina med eigen klesvask for fyrste gong. For andre kan det vere å reise langt ut i verda utan den næraste familia rundt seg.

Internat
På internatet får alle elevane på Bo.Aktiv sitt eige elevrom med bad. Det ligg i 1. etg nær vakthavande lærar og her er også ein eigen servicestasjon i gangen med vaskemaskin, tørketrommel og vaskeutstyr.

Fire T-ar
På denne linja er fire ord på T viktige: Tid, tryggleik, tilpasning og tillit. Fordi vi er fleire vaksne på denne linja, kan vi bruke meir tid hvis du treng det, vi kan skape trygge rammer når du skal lære, tilpasse oppgåvene til dine føresetnader og gje deg tillit slik at du får prøve nye ting og utvikle deg som menneske.

Studietur
Bo.Aktiv reiser til Spania i oktober/november. Å reise saman er veldig bra for klassemiljøet, og vi lærer mykje gjennom å møte ny kultur, ny mat, nytt språk, ny valuta og nye menneske. Når du kjem heim, er du ikkje heilt den same. Du har lært mykje og fått minner for livet.

Fritid
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50 meter frå skulen. Der finn du squashbaner, crossfitanlegg og det du treng av treningsapparat. Treningssenteret, og byen sin klatrehall og badeland, kan du bruke så mykje du vil om du blir medlem i skulen sitt lokallag av KFUK-KFUM. Det koster kun 500 kroner for eit heilt skuleår.

Økonomi
Opplegget på denne linja krev at du søkjer om ekstra økonomiske ressursar frå heimekommuna, NAV, fylkeskommune eller andre. Av den grunn kan det vere lurt å søkje så tidleg som mogleg.

Kontaktlærar
Vi er tre lærarar som jobbar på Bo.Aktiv; Vegard, Beate og Ingfrid. Ein av oss vil bli kontaktlæraren din og ha eit spesielt ansvar for å følge deg opp.  Det er alltid to lærarar tilstades i timane, men nokre av dagane og turane er alle tre med. Vi har også tre stipendiatar (andreårselevar) som hjelper til på linja både på dagtid og kveldstid.

Kontakt
Vi ynskjer deg gode dagar framover og håper å sjå deg her i august
Helsing Ingfrid, Beate og Vegard

Intranett 2021/22

Velkommen som elev!

Her vil du etterkvart finne informasjon om skuleåret 2021/22, som f.eks pakkeliste, skulerute, informasjon frå linjelærar osv.
All informasjon du mottek på epost, blir også lagt her.

KFUK-KFUM

Post bilde

Sunnmøre Folkehøgskule er eigd av Norges KFUK-KFUM

Norges KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske, og som byggjer opne og trygge fellesskap der unge menneske tek del og har innverknad.

KFUK-KFUM har over 18.000 medlemmar over heile landet og er ein del av verdas største kvinnenettverk YWCA og verdas største ungdomsbevegelse YMCA.
KFUK-KFUMs slagord er «Ver deg sjølv. Stå opp for andre.»

Å vere seg sjølv tyder at ein kan delta utan å måtte gjere seg til eller føle press på å prestere. Å stå opp for andre vil seie å gjere godt og kjempe for rettferd, der vi bur og i verda.

KFUK-KFUM eig også Valdres Folkehøgskole, Svalbard Folkehøgskole, Rønningen Folkehøgskole og Folkehøgskolen Nord-Norge. Gjennom folkehøgskulearbeidet skaper KFUK-KFUM trygge fellesskap som bidreg til at unge menneske kan utfalde seg og utvikle seg som menneske. Våre verdiar er å vere

  • Open
  • Modig
  • Trygg
  • Utviklande
  • Rettferdig

KFUK-KFUM sitt formål er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp.

Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt.

Studieturar

Årets store høgdepunkt for mange er utlandsturen til Cape Town, Sør-Afrika. Hit reiser vi saman med Idrett og Multisport.

Det at vi reiser fleire linjer i lag er veldig kjekt og gir turen ei god sosial ramme. Vi bur i lag på eit backpacker hostel som heiter Sunflower. Dette er ein trygg og god overnattingsplass berre nokre minutt frå sentrum av byen.

Sør-Afrika er eit herlig land å reise til med eit godt klima, billeg og veldig god mat og mykje kjekt å finne på. Vi har reist hit i mange år og har blitt kjent med mange flotte personar, og desse vil du òg få møte.

Dei lokale kontaktpersonane våre er med på å gi turen ein ekstra dimensjon då dei guider oss og gir oss opplevingar som vanlege turistar i landet aldri får oppleve. Gjennom overnatting i vertsfamilie får du ei helg i ein Sør-Afrikansk heim, ei oppleving du vil hugse lenge.

Turen er ein god miks av å nyte livet, delta på ulike opplevingar, få gjere ein innsats gjennom ulike prosjekt og kanskje eit adrenalinkick eller to.

NB! Denne teksta prøver å forklare korleis turen er, men Sør-Afrika må opplevast sjølv. Vi gir deg ein tur som ingen turistbyrå er i nærleiken av å kunne matche. Det er ein lovnad!

Adrenalin

  • Shark Cage Diving
    Du får sjå kvithaien på veldig nært hald
  • Strikkhopp frå Bloukrans Bridge
    Verdas høgste frå bru (216 meter)
  • ATV (quarterbike) i flott natur
  • Fallskjermhopp i Cape Town
  • Zip Line (sjekk ut Cape Canopy Tours)

Prosjekt

  • Skulebesøk med undervisning frå 1. til 8. klasse
  • CapeFlats YMCA
  • Delta på aktiviteter i ein heim for narkomane

Andre opplegg

  • Bu ei helg i vertsfamiler
  • Surfing i flotte Muizenberg
  • Omvisning i Langa Township
  • Safari utanfor George (du får sjå «the big five»)
  • Garden Route, kanskje verdas vakraste bilveg
  • Besøke Robben Island og Table Mountain

USA

Post bilde

Du treng ikkje like Mac for å trivast i «The Big Apple».

For New York er ein stad alle vil reise til. Og ikke utan grunn. I byen som aldri søv skjer det så mykje at vi likegodt kan gå ut med ein opplevelsesgaranti fyrst som sist.

Verdas hippaste by leverer den beste livemusikken og her er det berre å velgje og vrake mellom gratiskonsertar og store scener.

Les meir om turen på linjesida til Låtskriving.Studio.NewYork

New York

New York er eit nytt reisemål for skuleåret 2018/19. Vi kjem tilbake med meir info i løpet av oktober.

Sunnmøre

Når vi er her heime, vil vi også utøve langsamt friluftsliv, og nyte naturen rundt oss.

Det blir tid til både solodøgn og ein variant av TV-konseptet ”Amazing Race”, i tillegg til andre turopplegg med og utan overnatting.

Tida på Global.Safari håpar vi skal opplevast både gøy, lærerik, utfordrande og nyttig. Vi håpar også at du reiser heim, eller vidare ut i verda, klokare enn då du kom til skulen.

Sejda Djulic

Post bilde

Sjå for deg Norges mildaste utgåve av Tante Sofie frå Kardemomme By. Sejda er akkurat like arbeidssam, men forskjellen er at ho ikkje seier eit strengt ord til nokon. Ho er eit eksempel på at skulen er rein nok til å behalde helsa, men rotete nok til å behalde lukka.

Cuba

Post bilde

Cuba er eit land med spennande historie, varme menneske, vakker natur og fargerike byar. Eit land der det meste er svært annleis enn i Noreg!

Cuba er den minst kommersielle øya i Karibien, og ein av dei siste kommunistisk-influerte statane i verda. Med signala som har kome frå USA om oppmjuking av boikotten, er det å vere der når endringane skjer, forhåpentligvis til det beste for folket, ekstra spennande!

Mange har sagt ”reis til Cuba før det er for seint!”. Spør ein cubanar, og ho vil kanskje heller seie ”kom til Cuba – det er no det startar!”

Vi startar opphaldet i hovudstaden Havanna nord på øya, og forflyttar oss både nord-vest og til sørkysten. Vi får oppleve kontrasten mellom det yrande, levande bylivet i Havanna og landsbygda med kaffi-, sukker- og tobakksplantasjer.

Havanna har ein særprega arkitektur som femnar fleire århundre. Sang og musikk pregar gatelivet, vi ser nypolerte, fargerike 50-tallsbilar, tek ein tur med hestedrosje eller en sykkeltaxi og kjem i prat med livsglade menneske som ofte har noko dei vil selje.

Havanna har eit rikt kulturliv og vi går på den velrenommerte jazzcaféen og får høyre musikk i verdensklasse, vi dansar salsa med vår eigen instruktør, kjøper julegåver på markedet, rappellerar frå festninga der delar av James Bond-filmen “Die Another Day” er spelt inn, eller slappar av i den storslåtte hagen til mafiahotellet Hotel National (Dirty Dancing 2).

På reisa til landsbygda er opplevingane heilt annaleis. Tempoet er mykje rolegare, noko vi merkar på dagleglivet og menneskemøta.

Vi innlosjerast hos vertsfamilier og får hjelpe til med daglegdagse oppgåver, klatrar i eit område som er vidkjent for kalkstein, rir på hest mellom plantasjane og lærer korleis ein ekte sigar blir rulla, får servert verdas beste kaffe og får ein god prat på ei god blanding av spansk og engelsk. Det gode liv.

Turen avsluttast med sol og strand, bading med delfinar, tropisk landskap og katamarantur til ei idyllisk øy i Det karibiske hav.

Året i bilder

Post bilde

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Du kan sjå nokre av dei ved å klikke på bildet.

Kva treng eg av utstyr?

Når det gjeld utstyr på dei enkelte linjene, vil de få litt info om dette i velkomstbrevet frå linjelærar i tillegg til at de kan sjekke lister under fagtilbodet på heimesida vår. I og med at vi er ein aktiv skule med ein god del fellesturar, er det likevel nokre ting som uansett er greit å ha:

1.Gode turkle (vanntette, vindtette + ull-kle, sokkar, hue, vottar)
2.Gode sko (både joggesko og fjellsko)
3.Sykkel (til butikken + mange fine muligheiter for sykkelturar)
4.Ski eller snowboard
5.Tur-ting som termos, skibriller, tursekk o.l.

Dersom det er utstyr du må kjøpe nytt, kan det vere greit å vente til du kjem til Ulsteinvik. Vi får 20% rabatt hos G-sport på nokre handledagar i løpet av året. Då slepp du også å frakte det hit. Det vert sikkert nok bagasje likevel.

Verdiar

Post bilde

«Vær deg sjølv. Stå opp for andre!».

Vi skal vere ein stad der komfortsona di vert utfordra, men der du likevel kjenner deg trygg på at du er på rett plass. Difor er det viktig at verdiar som ærlegdom, respekt og kjærleik pregar både undervisning, fritid og internatliv.

Vi er ein rusfri skule og byggjer på eit kristent og humanistisk verdigrunnlag. Slagordet til eigarane våre, KFUK-KFUM, er «Ver deg sjølv, stå opp for andre». Vi håper du opplever det som meir enn berre fine ord.

Logo

Post bilde

Grunnelementet i logoen vår er ein edelstein. Den er unik, slitesterk og vakker, samstundes som den kan slipast og formast.

Logoen vår seier noko om kven vi er og kvar vi høyrer heime. Vår tru og våre verdiar tek utgangspunkt i at kvart enkelt menneske er unikt, og vi ynskjer at folkehøgskuleåret får slipe og forme oss slik at vi kan skine saman med andre.

Inne i edelsteinen finn du fjell og hav og mykje blått, akkurat slik som det er på Sunnmøre. Dei skaper store og gode rammer for opplevingar gjennom året.

Midt i logoen står trekanten som viser at vi er ein del av KFUK-KFUM. Vi ynskjer å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med «ånd, sjel og kropp», der alle dei tre sidene er like viktige

Jobb på Sunnmøre Folkehøgskule

London

Post bilde

Du treng ikkje reise langt for å oppleve heftig storbypuls! London byr på det meste av det beste. Her er det nesten for mykje å velje mellom…

Dei fyrste par dagane er du ein litt annaleis turist når klassa har sin eigen «Amazing Race»-versjon. Då får du sett nokre av dei mest kjende attraksjonane som Big Ben, The London Eye, Soho, Hyde Park, Oxford Street, Piccadilly Circus, Buckingham Palace, Covent Garden, Tower of London, Madame Tussauds og andre turistattraksjonar.

Undervegs får du challenges for å tene ein pund eller ti, for eksempel som gatemusikant eller som musikar på t-bana. I tillegg får du kjenne på storbystemning når du opplever ein Premier League-kamp i fotball eller når du oppsøkjer dei største handelgatene på shopping-jakt.

Men London er så mykje meir. I trange smågater finn du skjulte skattar på musikkforretningar og vintage-butikkar. Kanskje kjøper du di fyrste LP-plate der? Og på Abbey Road kopierer du The Beatles og tek det obligatoriske bildet der du krysser gata saman med dine beste venner. I løpet av dagane er det også lagt opp til workshops, studiobesøk, artistmøter, konsertar, klubbscener og musikalar som gjer at du blir gira og får sett noko at det hippaste musikkverda har å by på.

I London får du ei fin blanding av fellesopplegg med heile klassa, valfrie opplegg i smågrupper og tid til eigne prosjekt. Det blir ein solid miks av musikkopplegg og storbypuls. Vi trur ikkje du blir skuffa…

Hawaii

Post bilde

Hawaii er meir enn ei tropisk paradisøy med asurblått hav, palmesus og Waikiki Beach. Det er også ein stad for surfing på strendene der surfinga ein gong starta.

I tillegg vil du oppleve snorkling, dykking og luftige fjellturar på kvasse vulkanar opp mot 3000 meters høgde.

Hawaii er den femtiande og nyaste staten i USA, og består av 137 øyar. Den største av øyane heiter forvirrande nok også Hawaii, eller – for å vere heilt korrekt – Hawai’i. Dei andre store øyene er Maui, O’ahu, Kaua’i, Moloka’i, og Lãna’i.

Det er mange som drøymer om Hawaii. No kan draumen bli virkeligheit. Vi reiser til Hawaii for fjerde gong, og har sett saman eit spennande program. Hawaii er eit øyrike, og du vil besøke tre av øyane; Oahu, Kauai og Maui. Oahu er øya med Honolulu og Waikiki Beach.

Maui er ei innhaldsrik øy. Nokre seier at øya er magisk, med alt frå soloppgang på over 3000 meter på kanten av et vulkankrater, til snorkling med skilpadder.

Den siste øya, Kauai, er den grøne øya. Den ligg lengst mot nord, og klimaet her er fuktigare og grønare. Du kjenner det allereie på lufta når du kjem ut av flyet – nesten som på Vigra flyplass…

Les meir om turen på linjesida til SjøSnøSurf.Hawaii.

Spania

Post bilde

I februar reiser vi frå kulda og mørket på treningsleir til Spania. Dette blir ei god veke med 100 % golf frå morgon til kveld.

På Sunnmøre har vi ein forholdsvis lang golfsesong der bana er open heile året så lenge det ikkje er snø eller frost. Erfaring viser likevel at det er for kaldt og vått for å spele golf frå desember til mars. I denne perioda gjer vi mykje anna kjekt som ballspel og ikkje minst skikøyring.

I Spania bur vi på hotell i Alicante og skal spele og trene på ei bane designa av Steve Ballesteros. Med svært gode treningsfasiliteter og eit deilig klima blir dette ei flott veke for alle som er hekta på golf!

Les meir om turen på linjesida til Golf.Idrett

Loppemarknad i oktober

Post bilde

19.oktober 2024 er det loppemarknad på skulen

Loppemarknad på Sunnmøre Folkehøgskule er ein svær happening med omlag 1000 besøkande på ein hektisk laurdag føremiddag. Loppemarknaden er ein del av Stop Poverty-prosjektet vårt.

Det er ei stor glede for elevar og tilsette å invitere folk i alle aldrar til den flotte skulen vår. Og når vi samstundes kan gjere noko positivt for miljøet og samle inn pengar til Ilula-prosjektet vårt  i Tanzania, blir det dobbel glede!

I salane vil det bugne av lopper: småmøbler, kle, krimskrams, kjøkkenutstyr, lampar, sportsutstyr, bøker, leiker, dukar, sengklede og mykje meir.

I tillegg til sjølve loppemarknaden kan gjestane kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi, så det vert rikeleg høve til ei god pustepause, prat og kos i den trivelege elevmatsalen. Kanskje dukkar det også opp nokre gatemusikantar og serverer nokre godbitar?

Det vert tombola og «Katta i sekken», og borna er ekstra heldige sidan ei gruppe elevar lagar eventyrstund med teater og musikk. Det vert to framsyningar i kjellarstova på skulen, og innimellom framsyningane blir det vist film.

Med helsing loppemarknadskomitèen.

Timeplan

øystein tester ut

Studietur

Sunnmøre! Du treng ikkje meir.

Studieturane på dette halvtårskurset er på Sunnmøre. På din nye heimebane finn du dei sju underverka Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Her får du med andre ord UNESCO og verdensarv, djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Du får òg spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad.

Vi sei berre velkomen og velbekome.

Film

Det vil kome ein eigen film for linja. I mellomtida kan du sjå skulen sin generelle promofilm.

Bilde

Det vil kome ein eigen bildeserie for linja. I mellomtida kan du sjå nokre generelle bilder frå livet på skulen.

Valfag sub 2

Post bilde

Valfag sub 2 text

Valfag sub2 ingress

Studieturar

Post bilde

Årets store høgdepunkt for mange er utlandsturen til Cape Town, Sør-Afrika. Hit reiser vi i lag med Idrett, Golf og Multisport.

Det at vi reiser fleire linjer i lag er veldig kjekt og gir turen ei god sosial ramme. Vi bur i lag på eit backpacker hostel som heiter Sunflower. Dette er ein trygg og god overnattingsplass berre nokre minutt frå sentrum av byen.

Sør-Afrika er eit herlig land å reise til med eit godt klima, billeg og veldig god mat og mykje kjekt å finne på. Vi har reist hit i mange år og har blitt kjent med mange flotte personar, og desse vil du òg få møte.

Desse kontaktene våre er med på å gi turen ein ekstra dimensjon då dei tek oss med og gir oss opplevingar som vanlege turistar i landet aldri får oppleve. Gjennom overnatting i vertsfamilie får du ei helg i ein Sør-Afrikansk heim, ei oppleving du vil hugse lenge.

Turen er ein god miks av å nyte livet, delta på ulike opplevingar, få gjere ein innsats gjennom ulike prosjekt og kanskje eit adrenalinkick eller to.

NB! Denne teksta prøver å beskrive korleis turen er, men Sør-Afrika må opplevast sjølv. Vi gir deg ein tur som ingen turistbyrå er i nærheten av å kunne matche. Det er ein lovnad!

Adrenalin

  • Shark Cage Diving
    Du får sjå kvithaien på veldig nært hald
  • Strikkhopp frå Bloukrans Bridge
    Verdas høgste frå bru (216 meter)
  • ATV (quarterbike) i flott natur
  • Fallskjermhopp i Cape Town
  • Zip Line (sjekk ut Cape Canopy Tours)

Prosjekt

  • Skulebesøk med undervisning frå 1. til 8. klasse
  • CapeFlats YMCA
  • Delta på aktiviteter i ein heim for narkomane

Andre opplegg

  • Bu ei helg i vertsfamile
  • Surfing i flotte Muizenberg
  • Omvisning i Langa Township
  • Safari utanfor George (du får sjå «the big five»)
  • Garden Route, kanskje verdas vakraste bilveg
  • Besøke Robben Island og Table Mountain

Stop Poverty

Bli med og utrydd fattigdom! Stop Poverty er ein kampanje der målet er å utrydde ekstrem fattigdom innan år 2030.

Innsamling til mødre og born i Tanzania
Kvart år samlar elevane inn omlag 500.000 kr til vår Stop Poverty-partner Ilula KFUK i Tanzania. Desse midlane går mellom anna til eit arbeid drevet for unge åleinemødre og foreldrelause born. I tillegg er det starta opp eit skuletilbod for å gi born og unge utdanning og jobb.

Besøk til Ilula
Elevane på linja Global.Safari besøker Ilula kvart år og kan difor følgje opp prosjektet tett. Gjennom heile skuleåret har vi fokus på Stop Poverty-kampanjen og pengane vert samla inn gjennom ulike arrangement og aktivitetar. Her snakkar vi mellom anna om «Operasjon Ilula», Ilula-kafear og ein stor loppemarknad med over 1000 besøkande.

Sponsorløp mot fattigdom
Den største inntektskjelda er likevel eit stort sponsorløp på våren. Då spring vi for for ei god sak der familie og vener er med og sponser kvar kilometer. På den måten vil din innsats vere med å hjelpe born og unge ut av fattigdom.

Musikal

Post bilde

Kvart år skaper elevar og lærarar ved skulen ein musikal. I to veker legg vi all anna undervisning til side, og jobbar kun med den.

I løpet av travle og hektiske dagar kan du utfalde deg, anten du ynskjer å jobbe med drama, dans, band, vokal, kostyme, kulisser eller lyd og lys.

Om du ikkje ynskjer å vere direkte knytt opp mot sjølve musikalarbeidet, kan du anten spre glede i miljøgruppa eller ta del i ei praktisk snikkargruppe som får andre oppgåver desse dagane. Felles for alle, er at det blir skapande dagar på tvers av klasser.

Kvart år ser ca 2500 tilskodarar oppsetninga i kulturhuset Sjøborg. Dei heile avsluttast med ei forestilling for føresette under familiehelga.

Sist år sat elevane opp Rockeulven”. Tidlegare år har mellom anna High School Musical, Annie, Madegaskar, Happy Feet, Oliver Twist, Ronja Røverdatter, Løvenes Konge og Jungelboken stått på programmet.