NOKRE TRENAR FOR GØY. ALARM.BEREDSKAP TRENAR FOR Å REDDE LIV!
På linja får du mykje blålyserfaring. Du får sjå korleis politiet gjer krimtekniske undersøkingar, du er med på søk med Redningsskøyta og lærer om triage og skadestadleiing. Det blir PLIVO-øving, trening i samband og møter med 110-sentralen og Politiets operasjonssentral.
Hardkøyr
Du tek brannmanntestar, prøver deg som røykdykkar og er med på øvingar med brannvesenet. I nokre kommunar er dette nok til at du kan søkje jobb som brannmann.
Du får kompetanse i paramedic. Du lærer å redde liv i vatnet og på isen, og du rappellerer ned til skadde i fjellveggen. Det blir badevaktkurs og båtførarprøve. Kanskje blir det òg ei øving med 330-skvadronen.
Du testar fysikk og psyke i Hæren og jobbar med arrestasjonsteknikk på Politihøgskolen. Du lærer om radikalisering, trenar nærkamp og får opplæring i våpenbruk på skytebana. I tillegg blir det ei fire døgn lang øving med lite mat og lite søvn.
Formtopp
Du får målretta trening for å bestå ulike testar til ein blålysetat eller for å førebu deg fysisk til førstegongstenesta. Difor er trening ein viktig del av linja nesten kvar dag. Eit stort treningssenter står til fri bruk 50 m frå skulen og du har også fri tilgang til klatrehall og symjehall.
Spania
I november ventar ein treningsleir i sol og varme på ein luksuriøs sportsresort. Det blir to veker med nydeleg mat, workshopar, ekte blodslit og velfortjent restitusjon på kritkvite strender.
Eigentleg er det berre å pakke gymbagen og gjere deg klar!
Klar til å trene på å redde liv.
Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
