GOLF.IDRETT

Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Lærar / Pris

Denne linja har ingen ”Hole-in-one”-garanti. I staden kjem vi med ein ”All-in-One”-lovnad. For her får du golf og meire til.

På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 0,8 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og reiser i tillegg på treningsleir på vinteren.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for born i townships og det er mogleg med adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai.

Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

Linjeinnhald

  • Sør-Afrika
  • Treningsleir
  • Gratis spelerett
  • Golfsimulator
  • Sunnmøre Golfklubb
  • Golf i Cape Town
  • "Veien til golf"-kurs
  • Svinganalyse med PGA-pro
  • Spel ned handicappet ditt
  • Turnering
  • Fotball/volleyball
  • Ski/snowboard/langrenn
  • Treningssenter
  • Surfing
  • Paragliding testdag
  • Stup/svømming
  • Paintball
  • Leirdueskyting
  • Frisbeegolf
  • ATV
  • Ziplines
  • Fallskjerm - Cape Town
  • Golf-prosjekt (townships S-A)

Les meir om linja

Laster...

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke. Her ser du noko av det som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@golfidrettsunnmorefhs).

Film

Golf.Idrett på 1 – 2 – 4

Har du 1,24 minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Du finn òg ulike filmar, bilete og nyhende frå ulike opplegg på linja si facebookside. Den oppdaterast kvar veke.

video

Studietur

Nokre gongar er graset grønare på andre sida. Spesielt på vinteren. Difor reiser vi til Sør-Afrika og Spania.

Størsteparten av tida spelar du golf på ulike baner på Sunnmøre. Men i november reiser du på studietur til Sør-Afrika. Då er du innom fleire baner.

I tillegg skal vi på treningsleir til Spania ei veke i mars. På denne linja er det med andre ord mogleg å spele golf året rundt.

Sør-Afrika

Laster...

Spania

Laster...

Sosiale medier

Instagram icon @golfidrettsunnmorefhs

Lærar

Per Bernt Aske
På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. Brannmann Aske inviterer motspelar til å bruke leggskinn på kunstgrasbana, men leverer også følsomt nærspel på putting-greenen. 

Pris

Kostnadar skuleåret 2024-2025
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 89 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 105 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. ev. utlandsturar):

Linjetillegg for skuleåret 2024-25

Musikk.Friluft kr 32 000,-
Idrett.Ball kr 32 000,-
Global.Safari kr 67 000,-
Alarm.Beredskap kr 40 000,-
Golf.Idrett kr 42 000,-
Multisport kr 42 000,-
SjøSnøSurf kr 42 000,-
Bo.Aktiv * kr 30 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.