MULTISPORT

Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Lærar / Pris

På Multisport vert du komfortabel langt, langt utanfor komfortsona! Her får du eit år med sportsprega friluftsliv.

Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk inn vakre Hjørundfjorden.

I Sør-Afrika er det tid for fallskjermhopp, verdas høgaste strikkhopp (216 m), klatring, surfing, terrengsykling, haidykk og beach-aktivitetar.

Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.

I morgon ventar ein ny fullspekka dag.

 

Linjeinnhald

  • Sør-Afrika
  • Strandafjellet Skisenter
  • Surfing i Hoddevika
  • "Oppdrag Hjørundfjorden"
  • Klatring (brattkort)
  • Elv-/grotteklatring
  • Terrengsykling
  • Toppturar på ski
  • Ski/snowboard
  • «Pudderjakt»
  • Via Ferrata
  • Skredkurs
  • Sunnmørsalpane
  • Fallskjermhopp
  • Strikkhopp 216 m
  • Haidykk
  • Vannski/kajakk/snorkling
  • Snøholetur
  • Snøskuter
  • Curling
  • RIB-turar
  • Sykkel Trollstigen

Les meir om linja

Laster...
 

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instagram (@multisportsunnmorefhs).

 

Film

Multisport på under minuttet

Har du nokre sekund? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Du finn også ulike filmar og bilete frå linja på instagram (@multisportsunnmorefhs).

video
 

Studietur

Cape Town er for mange det ultimate reisemålet i verda.

Her får du alle slags opplevingar du kan tenke deg, blant anna innan heftige sports- og friluftsaktivitar. Du rekk ikkje å få gjort alt du blir tilbydd, men du vèl det du tør og har lyst til.

Og vi skal hjelpe deg med å tøye strikken så du kjenner på kroppen at du «lever». Vi får også muligheit til å møte lokalbefolkninga på eit unikt vis som du aldri kjem i nærleiken av om du reiser dit som turist.

Vi bur i hovudsak på Sunflower Stop Backpackers Hostel 10 minutt frå Cape Town sentrum. Her har vi heile huset for oss sjølve og det er heilt supert!

Vi bur også ei helg i vertsfamilier der vi fort blir ein del av familien. Her tek du del i dagleglivet den helga du bur der. Det kan for eksempel vere idrettsarrangement, bursdagsfeiring eller bryllupsfest.

Vi har ein 4-dager tur langs «Garden route» der vi undervegs får med oss haibur-dykking og verdas høgaste strikkhopp frå brua Bloukrans Bridge. Her bur vi like utanfor George i flotte Blue Whale resort. Fantastisk utsikt og med flotte surfebølger for den som vil.

I Cape Town har vi Table Mountain, Lions Head og Signal Hill som er fjell som omkransar byen og som må opplevast. Enten med Cable Car eller til fots. Ein dag på Safari er også noko ein berre må ha med på MÅ-lista. Fallskjerm, ATV (quaterbike), zipline og strikkhopp får vi også sjanse til å prøve.

Dei ulike prosjekta vi besøker kan vere Homeless soccer/YMCA, Reclame youth, Transformationcenter (for rusmisbrukarar) eller Faithbuilders. Her deler vi oss inn i mindre grupper etter interesse/ønske. Av og til gjer vi aktivitetar saman med ungdomane her,  som for eksempel surfing.

Du får oppleve at i Cape Town finn du kanskje den største skilnaden på fattig og rik. Men likevel ser vi ofte at dei som har lite materielle ressursar har ofte mest varme og kjærleik å gi andre. Vi får eit nært innblikk i korleis det er å leve i ulike townships. Både gjennom vertsfamilier, guide turar og koselige familiebesøk.

Vi reiser også ut til Robben Island og får sjå fengselet der Nelson Mandela satt i fangenskap. På den måten får vi ein forståelse av korleis Apartheid fungerte og kvifor mange ting fortsatt er ei stor utfordring.

Sunnmøre Folkehøgskule har reist til Sør-Afrika dei siste 15 åra og det gjer at vi har blitt godt kjend med både landet og personar. Innhaldet i turen forandrast alltid litt, og vi påstår at det har blitt ein fantastisk tur for ein «multisportar» som vil ha noko meir enn berre sportsaktivitetar!

 

Sosiale medier

Instagram icon @multisportsunnmorefhs
 

Lærar

Henrik Petersson
Svensken er to meter høg og to meter brei og er ei maskin med sekken full av horsepower, turerfaring og godt humør. Henrik er tidlegare landslagskøyrar i trail og var først ute med Multisport-konseptet. No er linja så bra at alle andre skular ynskjer å etterlikne originalen.
 

Pris

Kostnadar skuleåret 2024-2025
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 89 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 105 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. ev. utlandsturar):

Linjetillegg for skuleåret 2024-25

Musikk.Friluft kr 32 000,-
Idrett.Ball kr 32 000,-
Global.Safari kr 67 000,-
Alarm.Beredskap kr 40 000,-
Golf.Idrett kr 42 000,-
Multisport kr 42 000,-
SjøSnøSurf kr 42 000,-
Bo.Aktiv * kr 30 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.