Musikalartist

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

Gira på mykje scenetid?

Dette er eit år der du får mengdetrening som musikalartist på små og store scener. Det blir eit sterkt fokus på skodespel, dubbing, musikaldans, sang og show. Du møter profesjonelle skodespelarar og musikalartistar gjennom meisterklassar og workshopar. 

Scene
På denne linja er du med på fleire eigne produksjonar, og saman med heile skulen set du opp ein musikal for 2500 tilskodarar i Sjøborg kulturhus. I Oslo er du innom eit dubbingstudio der du blir kasta rett ut i stemmeskodespel og voiceover-rolla. Du får også jobbe med ein castingagent som er god på auditiontrening. Etter det kan du gå på auditionar for jobbar eller vidare utdanning om du ønskjer det. Når året er slutt, har du fått med deg god erfaring som utøvande musikalartist – i tillegg til film og foto i semiprofesjonell kvalitet til showreelen/porteføljen din.

Studietur
Ikkje nok med det: I november reiser klassen på ein interrailtur til dei store musikalbyane i Europa. Då ventar storbypuls i blant anna London, Paris, Berlin, Hamburg og Stockholm. Der kjem du backstage på store oppsetjingar, ser musikalar, får fagleg påfyll frå profesjonelle utøvarar og besøkjer ulike utdanningsinstitusjonar.

Sunnmøre
Likevel får du meir. På godvêrsdagar bytter du ut eit mørkt scenegolv med sol og spektakulær natur. Då skal du ut! No er det storhavet og kvasse tindar som er locations, anten det er surfing i Hoddevika, hengekøyecamp, RIB-tur eller stemmebruk i stiv kuling som står på timeplanen.

Som du forstår: Dette er ikkje eit år som alle andre. Det er eit år der du kjem eitt steg nærare rampelyset!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Linjeinnhald

  • Interrail i Europa
  • Musikal/revy
  • Skuespill/teater
  • Show/Cabaret
  • Dubbing/voice
  • Dans/musikaldans
  • Sang/sangteknikk
  • Solo-/ensemblesang
  • Audition/auditiontrening
  • Showreel/portefølje
  • Formidling/stemmebruk
  • Karakterarbeid
  • Tekstforståing
  • Film/musikkvideo
  • Scenografi
  • Koreografi
  • Manus-utvikling
  • Improvisasjon
  • Kostymedesign
  • RIB-tur
  • Hengekøyecamp
  • Surfing
  • Hverdagseventyr i friluft
  • Solskinnsturar på Sunnmøre

Les meir om linja – Musikalartist

Laster...

Film

Har du to-tre minutt?

 Dette er ei ny linje for skuleåret 27/28, men her kan du sjå eit prosjekt laga av ei valfag-gruppe.

video

Bilde

Magiske sekund. Venner for livet.

Du finn fleire bilete på @musikalartistsunnmorefhs

Studietur

Interrail til dei største musikalbyane i Europa

I november ventar ein fin miks av klassiske interrailopplevingar, storbypuls og massevis av musikalpåfyll. Det heile startar i London. London er ein av verdas danse- og musikkhovudstadar og er kjend for musikalar, dansestudios og konserthus. Her får du sjå ulike muikalar, besøkjer Mountview Academy of Theatre Art, tar danse- og teaterklassar ved Pineapple Dance Studios og får casting- og auditiontrening med ein agent.

I Paris ser du sjølvsagt Eiffeltårnet og Moulin Rouge. Deretter ventar Amsterdam, Bochum og Hamburg. Her får du sjå Starlight Express og kome backstage på store oppsetjingar.

Turen blir avslutta i Stockholm med Wallmans Dinner Show og omvising på Ballettakademien og Kulturama Artistskolan. Det er to skular du kan vurdere for vidare utdanning dersom draumen er å bli musikalartist.

Lærar

Stine Tamlag

Vår nye dramaqueen er utdanna musikalartist og har jobba på Nationaltheatret og Det Norske Teatret. No ventar eit sceneskifte og premiere som lærar. Stine har alltid ein replikk på lur og er flink til å få andre i rampelyset. Ho får nok ståande applaus når året er omme.

Sosiale medier

Instagram icon @musikalartistsunnmorefhs
Instagram icon @musikalartistsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2026/27 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 154 880,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2027/28 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.