GOLF

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

FÅ EIN PERFEKT MIKS AV MASSE GOLF, ULIKE IDRETTAR, TUR TIL SØR-AFRIKA OG TRENINGSLEIR I BULGARIA!

Du vil spele på ulike baner på Sunnmøre på haust og vår. Her får du svinganalyse av ein lærar med 0,8 i hcp som ønskjer å formidle golfglede, anten du er fersk eller erfaren. I tillegg spelar du golf i Sør-Afrika i november og reiser på treningsleir til Bulgaria i mars.   

Heimebane
På bana til Sunnmøre GK har du gratis spelerett og har fri tilgang til Trackman-simulatoren til klubben. Bana ligg eit langt utslag frå skulen. Her kan du spele så mykje du vil på fritida. På golf valfag møter du «golf addicts» frå andre klassar, og du vil aldri mangle ein medspelar i helgane eller på kveldstid. 

Meir enn golf
Utanfor golfsesongen vil du vere saman med linja Idrett.Ball. Då får du ulike ballspel, surfe i Hoddevika, stå på ski på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, ha fri tilgang til eit stort treningssenter og mykje anna.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du spele på mange fantastiske baner i sol og varme. Berre sjekk ut Pinnacle Point og Oubaai! I tillegg får du høg puls i ditt første fallskjermhopp og i eit av verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Du får surfe, og sjølvsagt blir det også ein dag på safari.

Treningsleir
I mars ventar seks dagar med golf frå morgon til kveld. Då bur du på eit femstjerners golfresort i Bulgaria. Thracian Cliffs er designa av Gary Player og er rangert som nummer 18 i verda på lista «World’s Top 100 X-Factor Courses» i 2026.

Berre pakk golfbagen og kom. Dette blir eit år der du kan få nærare 100 golfdagar om du er gira. 

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.

Linjeinnhald

  • Sør-Afrika
  • Treningsleir Bulgaria
  • Gratis spelerett
  • Golfsimulator
  • Sunnmøre Golfklubb
  • Golf i Cape Town
  • "Veien til golf"-kurs
  • Svinganalyse
  • Spel ned hcp ditt
  • Turnering
  • Fotball/volleyball
  • Ski/snowboard
  • Treningssenter
  • Surfing
  • Paintball
  • Leirdueskyting
  • Frisbeegolf
  • Fallskjerm - Cape Town
  • Safari

Les meir om linja

Laster...

Film

Golf på 1-2-9

Har du 1,29 minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Men hugs: du må oppleve det for å forstå det, du må vere her for å få det!

video

Bilde

Magiske sekund. Venner for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Her ser du noko av det som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@golfidrettsunnmorefhs).

Studietur

Nokre gongar er graset grønare på andre sida. Spesielt på vinteren. Difor reiser vi til Sør-Afrika og Bulgaria.

Størsteparten av tida spelar du golf på ulike baner på Sunnmøre. Men i november reiser du på studietur til Sør-Afrika. Då er du innom fleire baner.

I tillegg skal vi på treningsleir til Bulgaria ei veke i mars. På denne linja er det med andre ord mogleg å spele golf året rundt.

Sør-Afrika

Laster...

Bulgaria

Laster...

Lærar

Per Bernt Aske
På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" er beinhard på fotballbanen, følsom på putting-greenen og mannen bak #minjobberbedreenndinferie.

Sosiale medier

Instagram icon @golfidrettsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2027-2028
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 98 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 118 900,-

For skuleåret 2026/27 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 154 880,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2027/28 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utanlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 40 000,-
Idrett.Ball kr 40 000,-
Musikalartist kr 45 000,-
Global.Safari kr 74 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 55 000,-
Multisport kr 50 000,-
SjøSnøSurf kr 50 000,-
Alarm.Beredskap kr 50 000,-
Personleg Trenar kr 50 000,-
Bo.Aktiv * kr 40 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.