Personleg Trenar

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

GIRA PÅ PT-UTDANNING – OG I TILLEGG FÅ 30 STUDIEPOENG?

På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning.

Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar utdanninga 60 000 kr. Du får den inkludert i linjekostnadane

Innhald
I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter.

For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.

Treningsleir i Spania
Nokre timar vil du trene saman med idrettsklassa. Der får du blant anna surfing, RIB, klatring og Via Ferrata.

I tillegg ventar ein treningsleir i sol og varme på ein luksuriøs sportsresort i Spania. Det blir to veker med faglig påfyll, ekte blodslit og velfortjent restitusjon på kritkvite strender.

Kompetanse
Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng.

Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Linjeinnhald

  • PT-sertifisering
  • 30 studiepoeng
  • Treningsleir Spania
  • Programdesign
  • Treningsmetodar
  • Treningslære
  • Ernæring
  • Anatomi
  • Fysiologi
  • Bevegelighet
  • Skadeforebygging
  • Baseøvingar
  • Utholdenheit
  • Mental trening
  • Treningssenter
  • Crossfit
  • Hyrox
  • Surfing
  • RIB
  • Klatring
  • Via Ferrata
  • Hengekøyecamp
  • Sunnmørsalpane

Les meir om linja

Laster...

Film

Denne linja startar opp hausten 2027. 

video

Bilde

Studietur

Når mørkret og kulda kjem i november dreg du på treningsleir til sol og varme.

Sunnmøre byr på mange fantastiske naturopplevingar, men november månad er ikkje akkurat 10/10 på Vestlandet. Då dreg du i staden på treningsleir til ein luksuriøs sportsresort i Spania der temperaturen er høgare og der sola sørger for rikeleg med tilførsel av D-vitaminar. Då blir det dagar med ulike workshops, mykje fagleg påfyll, ekte blodslit og velfortjent restitusjon på kritkvite strender. 

Sidan dette er ei ny linje er reisemålet for studieturen ikkje heilt bestemt enno, men Spania har fleire aktuelle lokasjoner. Uavhengig av reisemål blir det uansett dagar spekka med linjeinnhald og fellesskapsopplevinger.

Alle kostnadane til turen er inkludert i skulepengane.

Lærar

Du vil møte tre lærarar på linja som alle på ulik måte vil følge deg opp i løpet av året.

To av dei er sjølv Personleg Trenar og jobbar i dag som kursholdarar i PT-bransjen. Dei sørger for at du blir oppdatert på dei best dokumenterte treningsmetodane og den nyaste forskninga.

Sunnmøre Folkehøgskule er den einaste folkehøgskulen AFPT har eit samarbeid med. Det er på grunn av linja sitt høge faglege nivå at det også har eit samarbeid med Høgskulen i Volda der du kan ta 30 studiepoeng rett etter skuleslutt. 

Sosiale medier

Instagram icon @ptsunnmorefhs
Instagram icon @ptsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2026/27 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 154 880,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2027/28 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.