GO WEST, GO WILD!
FÅ MYKJE SURF I HODDVIKA OG MAROKKO
Vestlandet lovar deg skikkelig uvêr og nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du på rett plass.
På vindfulle dagar får du massevis av action i ein seglbåt eller på vannski/wakeboard bak ein RIB med 300 hk. Og du får surf, mykje surf! Det blir til saman nærare 30 dagar i Marokko, i Hoddevika og på lokale surfspots.
Di nye leikegrind
På go’versdagar ventar klippehopp, dødsing, fridykking, seglregatta, havfiske, grottevandring, kajakk, buldring, klatring, solodøgn, fjellturar og mykje meir. Du overnattar i hengekøye under open himmel, i telt, snøhole, båt og på hytte. Nokre av morgonane vaknar du til den råaste utsikta du nokon gong har sett.
På vinteren får du snø. Masse snø! Det blir toppturar i urørte fjellsider som stuper rett ned i havet. Du får skredopplæring og mange dagar med rando-turar i snøkledde Vestlandsfjell. På Strandafjellet Skisenter ventar jibbing i parken eller frikøyring i verdsklasse.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kr for eit heilt skuleår.
Marokko
På den 18 dagar lange turen til Marokko ventar fyrst ei veke på surfcamp. Taghazout er verdskjend for sine mange spots og leverer nydelig stemning uansett nivå. Du får også dagar med sanddyne-surf, deep-water soloing, snorkling og juving. I Atlas-fjella nær Sahara-ørkenen ventar klatring og fjellturar opp mot 2500 moh.
Det er på slike dagar du forstår uttrykket «Go West. Go Wild»
Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
