Det at vi reiser fleire linjer i lag er veldig kjekt og gir turen ei god sosial ramme. Vi bur i lag på eit backpacker hostel som heiter Sunflower. Dette er ein trygg og god overnattingsplass berre nokre minutt frå sentrum av byen.
Sør Afrika er eit herlig land å reise til med eit godt klima, billig og veldig god mat og mykje kjekt å finne på. Vi har reist hit i mange år og har blitt kjent med mange flotte personar, og desse vil du òg få møte.
Desse kontaktene våre er med på å gi turen ein ekstra dimensjon då dei tek oss med og gir oss opplevingar som vanlege turistar i landet aldri får oppleve. Gjennom overnatting i vertsfamilier får du ei helg i ein Sør Afrikansk heim, ei oppleving du vil hugse lenge.
Turen er ein god miks av å nyte livet, delta på ulike opplevingar, få gjere ein innsats gjennom ulike prosjekt og kanskje eit adrenalinkick eller to.
NB! Denne teksten prøver å beskrive korleis turen er, men Sør Afrika må opplevast sjølv. Vi gir deg ein tur som ingen turistbyrå er i nærheten av å kunne matche. Det er ein lovnad!
Adrenalin
- Shark Cage Diving
Du får sjå kvithaien på veldig nært hald. - Strikkhopp frå Bloukrans Bridge
Verdas høgste frå bru (216 meter) - ATV (quarterbike) i flott natur.
- Fallkjermhopp i Cape Town
- Zip Line (sjekk ut Cape Canopy Tours)
Prosjekt
- Skulebesøk med undervisning frå 1. til 8. klasse.
- Homeless Soccer via CapeFlats YMCA.
- Delta på aktiviteter i ein heim for narkomane.
Andre opplegg
- Bo ei helg i vertsfamiler.
- Surfing i flotte Muizenberg.
- Omvisning i Langa Township.
- Safari utanfor George (du får sjå «the big five»).
- Beachvolley, beachrugby m.m.
- Garden Route, kanskje verdas vakraste bilveg.
- Besøke Robben Island og Table Mountain.