BO.AKTIV

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

Det kan vere godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen.

Målet med denne linja er først og fremst å gje deg opplæring i aktivitetar i dagleglivet (ADL). Her er fire ord på T viktige: tid, tryggleik, tilpassing og tillit. Fordi det er fleire vaksne på denne linja, kan du bruke meir tid når det er nødvendig. Du vil få trygge rammer når du skal lære, og oppgåvene blir tilpassa dine føresetnader. Du vil få tillit til å prøve nye ting og utvikle deg som menneske.

Fellesskap
For nokre kan det viktigaste læringsmålet vere å få meir sosial trening. For andre kan det vere å få større sjølvtillit i ulike situasjonar ein møter i kvardagen. Denne læringa vil skje i eit stort fellesskap saman med 100 andre ungdommar.

Sjølvstendig
Du vil få mykje trening i å bu åleine, slik at du blir meir sjølvstendig når du skal flytte for deg sjølv og starte vaksenlivet. Her vil du arbeide med tema som økonomi, reinhald, personleg hygiene, døgnrytme, kosthald og nettvett, for å nemne noko.

Eigne mål
Kvar veke vil du få prøve deg på eit mangfald av aktivitetar innan mat og helse, musikk, kunst, friluftsliv og idrett. Saman med dei andre elevane i klassen vil du oppleve meistring og glede. Du vil setje deg mål og oppdage nye sterke sider ved deg sjølv.

Saman får vi utrulege ting til å skje!

Her kan du lese ein eigen informasjonsfoldar for Bo.Aktiv-linja

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lengre ned på sida. 

Linjeinnhald

  • Spania
  • Treningsleilighet
  • Bofellesskap
  • Friluftsliv
  • Mat/helse
  • Turplanlegging
  • Veiledningssamtalar
  • Film/foto
  • Nettvett/telefonbruk
  • Scenetrening
  • Personleg økonomi
  • Musikk
  • Drama/stemmebruk
  • Kunst/handverk
  • Personleg hygiene
  • Konfliktløysing
  • Rom-/klevask
  • Bedriftsbesøk
  • Museumsbesøk
  • Skuleutveksling
  • Innsamlingsaksjon
Laster...

Slik går du fram i søkjeprosessen

Laster...

Film

Bo.Aktiv på 2-0-7

Har du 2:07 minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Men hugs: du må oppleve det for å forstå det, du må vere her for å få det!

video

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Her ser du noko av det som skjer på linja. Du finn fleire på instragram (@boaktivsunnmorefhs).

Studietur

Bo.Aktiv reiser som dei andre linjene på utlandstur dei to fyrste vekene i november.

Reisemålet har variert i dei seks åra vi har hatt linja, og vi har vore både til Spania, Sør-Afrika og Gran Canaria. Vi ynskjer å bli betre kjent med klassa og den enkelte elev før vi bestemmer reisemål, slik at vi er sikre på at vi får ein godt tilrettelagt tur som passar for alle som skal vere med.

Å reise på utlandstur saman er veldig bra for klassemiljøet, og vi lærer mykje gjennom å møte ny kultur, ny mat, nytt språk, ny valuta og nye menneske. Når du kjem heim, er du ikkje heilt den same. Du har lært mykje nytt og fått minner for livet.

Lærar

Verdas beste trio
Bo.Aktiv har ikkje berre ein lærar. Her er alle gode ting tre. Beate, Vegard og Ingfrid sørger for at stemninga er god, at undervisninga er enno bedre og at skuleåret vert så bra som mogleg.

Sosiale medier

Instagram icon @boaktivsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2027-2028
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 98 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 118 900,-

For skuleåret 2026/27 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 154 880,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2027/28 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utanlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 40 000,-
Idrett.Ball kr 40 000,-
Musikalartist kr 45 000,-
Global.Safari kr 74 000,-
Golf kr 55 000,-
Multisport kr 50 000,-
SjøSnøSurf kr 50 000,-
Alarm.Beredskap kr 50 000,-
Personleg Trenar kr 50 000,-
Bo.Aktiv * kr 40 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.