I løpet av travle og hektiske dagar kan du utfalde deg, anten du ynskjer å jobbe med drama, dans, band, vokal, kostyme, kulisser eller lyd og lys.
Om du ikkje ynskjer å vere direkte knytt opp mot sjølve musikalarbeidet, kan du anten spre glede i miljøgruppa eller ta del i ei praktisk snikkargruppe som får andre oppgåver desse dagane. Felles for alle, er at det blir skapande dagar på tvers av klasser.
Kvart år ser ca 2500 tilskodarar oppsetninga i kulturhuset Sjøborg. Dei heile avsluttast med ei forestilling for føresette under familiehelga.
I januar 2020 sat elevane opp “High School Musical”. Tidlegare år har mellom anna Annie, Madegaskar, Happy Feet, Oliver Twist, Ronja Røverdatter, Rockeulven, Grease, Fame, Løvenes Konge og Jungelboken stått på programmet.