Opplev verda. Reis med hjartet!
I Tanzania møter du menneske som slåss mot ekstrem fattigdom. Du får også med deg solnedgang over løver og giraffar på safari, og på Bongoyo Island badar du i turkisfarga hav.
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela, frå Soweto der han budde, til Pietermaritzburg der han vart arrestert, og vidare til Robben Island der han sat fengsla.
I Israel og Palestina møter du folk på begge sider av konflikter som arbeider for rettferd og fred, du er på hike med beduinar og vil kanskje sove ute under open himmel i ørkenen.
Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigste reisa inni deg sjølv.