Meir enn berre musikk
Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er best på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du vil få lære meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. Og i januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.
På Noregs kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På godversdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing og klatring. Og på studieturen til London får du ulike workshops, konsertar, klubbscener og musikalar.
Dette er eit år der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.