Alarm.Beredskap / Musikk.Friluft / Golf.Idrett / Multisport / SjøSnøSurf / Idrett.Ball / Global.Safari / Bo.Aktiv / Leiartrening

Alarm.Beredskap

Klar for ei actionfylt framtid i Forsvaret eller ein blålys-etat? Start treninga, og få opplæring allereie no! 

På denne linja får du kompetanse og formelle kurs innan klatring, padling, dykking, livredning og førstehjelp (alpine og urbane forhold).

Du vil også få eit fem dagar langt «Sikkerhetskurs for sjøfolk» som er opplæring i redning, brann og røykdykking. Det gjev grunnlag for jobb på båt og plattform.

Du vil teste fysikk og psyke på Sjøkrigsskolen, og i november tek du dykkerlappen i Egypt. Heime igjen får du prøve deg på glattkøyringsbana og skytebana, og du får opplæring av blålysetatar. Du får også ta båtførarprøven og badevaktkurs.

Ein stor del av undervisninga går føre seg ute i friluft i kvasse Sunnmørsalpar og på storhavet rett utanfor rommet ditt. I tillegg får du treningsprogram og rettleiing av linjelærar og PT tilpassa fysiske opptakskrav.

50 m frå skulen ligg eit stort treningssenter der våre elevar har treningsavtale for kun kr 150,- for heile året.

Då er du klar til å rykke ut!

 

Musikk.Friluft

Musikk feat. Friluft

Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er best på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.

Du vil få lære meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. Og i januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.

På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing og klatring. London får du ulike workshops, musikalar og konsertar. Dette er eit år der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.

 

Golf.Idrett

Denne linja har ingen ”Hole-in-one”-garanti. I staden kjem vi med ein ”All-in-One”-lovnad. For her får du golf og meire til.

På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 0,8 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og reiser i tillegg på treningsleir på vinteren.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for born i townships og det er mogleg med adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai.

Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

 

Multisport

På Multisport vert du komfortabel langt, langt utanfor komfortsona! Her får du eit år med sportsprega friluftsliv.

Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk inn vakre Hjørundfjorden.

I Sør-Afrika er det tid for fallskjermhopp, verdas høgaste strikkhopp (216 m), klatring, surfing, terrengsykling, haidykk og beach-aktivitetar.

Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.

I morgon ventar ein ny fullspekka dag.

 

SjøSnøSurf

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element.

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Sardinia i Middelhavet. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. Og på godversdagar padler du kajakk og ser kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre rammer for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider.

Turen til Sardinia er ein 20 dagar lang tur med tog og båt gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, snorkling, sykling og klippehopp, men også mat, kultur, menneskemøter og tett fellesskap.

Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

 

 

Idrett.Ball

Du er typen som likar å vere i aktivitet. Aller helst både i gymsalen/treningssenteret og i friluft.

I Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 meter. Du får også eit bankande hjarte i møte med menneska i «Homeless Soccer»-prosjektet i Townshipen i Cape Town.

I løpet av året vil du kjenne den gode kjensla når du set spor i urørt puddersnø. Spenninga når paraglideren får luft, eller når bølgja tek tak i surfebrettet. Smerta over ei litt for hard takling, eller når ei paintballkule treff deg i ryggen.

Gleda over eit drømmetreff på fotballbana. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit heilt år med garderobestemning, samhald og gode lagkameratar.

 

Global.Safari

Opplev verda. Reis med hjarte!

I Tanzania møter du menneske som slåss mot ekstrem fattigdom. Som ein kontrast til det får du også med deg turkisfarga hav, og på safari får du solnedgang over løver og giraffar.

I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela, frå Soweto der han budde, til Pietermaritzburg der han vart arrestert, og vidare til Robben Island der han sat fengsla.

I Israel og Palestina møter du folk på begge sider av konflikta som arbeider for rettferd og fred, du er på hike med beduinar og vil kanskje sove ute under open himmel i ørkenen.

Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.

 

Bo.Aktiv

Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen.

For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit i ulike situasjonar.

På Bo.Aktiv får du undervisning i trygge omgjevnadar i eit stort felleskap. Du trenar på å bu åleine, er saman med andre ungdomar og får prøve ut eit  mangfald av aktivitetar. Du set deg eigne mål og undervisninga blir tilpassa deg.

Vi trur at du saman med oss vil oppleve meistring og glede, og at du vil oppdage nye sterke sider ved deg sjølv. Saman får vi utrulege ting til å skje!

Her kan du lese ein eigen informasjonsfoldar for Bo.Aktiv-linja

 

Leiartrening

Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med éit år på folkehøgskule. Du vil ha meir!

Du vil vere andreårselev – eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen. Dette er eit år med fokus på  teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar. Som ven og  rettleiar kjem du tett på elevar og tilsette.

Du vil få medansvar for det sosiale skulemiljøet og får oppgåver knytt opp mot den praktiske skulekvardagen. Av den grunn betaler du ikkje skulepengar. På denne linja vil søkjarane bli intervjua og det er begrensa plassar.