Om oss

Sjekk inn / Brosjyre / Filmar / Bilde / Pris / Verdiar / Historie / Personvern

Sunnmøre Folkehøgskule er best i landet i kategorien produktkvalitet (EPSI 2024). EPSI-kåringa består av summen av kriterier som fagleg innhald på skulen, lærarane sin kompetanse, kvalitet på studieturar, kvalitet på mat, standard på internatet og kvaliteten på øvrige fasiliteter og utstyr.

I undersøkinga er skulen også på pallen på kategoriar som verdi for pengane, lojalitet, kundetilfredshet og servicekvalitet.

Sjekk inn

Denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Her bur du på store rom med eige bad med dusj, og med ei fantastisk utsikt over hav og fjell.

Ein av dei største fordelane med skulen er at alt er under same tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsalen, elevstover og klasseromma utan å ta på ytterkle. Det er ikkje berre praktisk, det gjer det også mykje meir sosialt og lettare å byggje eit godt skulemiljø.

På tunet ligg skulen sin gymsal og eit stort treningssenter med styrkerom, crossfit og squashbanar. Som medlem i KFUK-KFUM (500 kr per skuleår) har du fri tilgong til treningssenteret og Ulstein Arena med eit nytt badeland og ein ny klatrehall.

Sjekk ut!

  • Frisbeegolfbane
  • Kaffebar med baristamaskin
  • TV-rom med Premier League-abonnement
  • Nydelig salatbar til kvar lunsj
  • Gløym matpakke, få (varm) lunsj kvar dag
  • Musikkavdeling med studio, Mac og utstyr til fri bruk
  • Jacuzzi og hengekøyepark i hagen
video

Filmar

Pris

Kostnadar skuleåret 2025-2026
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 92 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 15 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 109 900,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. ev. utlandsturar):

Linjetillegg for skuleåret 2025-26

Musikk.Friluft kr 35 000,-
Idrett.Ball kr 35 000,-
Global.Safari kr 69 000,-
Alarm.Beredskap kr 45 000,-
Golf.Idrett kr 47 000,-
Multisport kr 45 000,-
SjøSnøSurf kr 45 000,-
Personleg Trenar kr 45 000,-
Bo.Aktiv * kr 35 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.

Verdiar

«Vær deg sjølv. Stå opp for andre!».

Vi skal vere ein stad der komfortsona di vert utfordra, men der du likevel kjenner deg trygg på at du er på rett plass. Difor er det viktig at verdiar som ærlegdom, respekt og kjærleik pregar både undervisning, fritid og internatliv.

Vi er ein rusfri skule og byggjer på eit kristent og humanistisk verdigrunnlag. Slagordet til eigarane våre, KFUK-KFUM, er «Ver deg sjølv, stå opp for andre». Vi håper du opplever det som meir enn berre fine ord.

KFUK-KFUM

Laster...

Historie

«Elevar, lærarlyd og tenarar er ein huslyd, der kvar og ein har ansvar for samlivet i heimen.»

Slik lyder det fyrste punktet i ordensreglane for Sunnmøre Ungdomsskule som ble starta i 1908. På bildene kan du sjå nokre av elevane og dei tilsette som starta opp det aller fyrste skuleåret. Du kan også lese ein artikkel som skildrar utviklinga frå tronge kår til dagens folkehøgskuleliv i flotte fasilitetar.

Sunnmøre Folkehøgskule – ei god historie.

Laster...

Personvern

Vi er forplikta til å behandle personopplysningar frå våre søkjarar og brukarar på ein forsvarleg måte. Vi er opptekne av at du forstår korleis vi handterer data om deg, og i denne personvernerklæringa forklarer vi kva type data vi samlar inn, korleis vi gjer det og kva vi brukar dei til. På denne sida kan du lese meir om korleis vi handterer personopplysningar. 

Folkehøgskulane er underlagt norsk lov, og vi fylgjer til ei kvar tid gjeldande reglar for personopplysningar, og behandling av desse. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte brukar, med mindre noko anna er spesifisert. 

Opplysningar som vert samla inn, vert lagra på Folkehogskole.no, Sharepoint og WisWebNavi på eksterne servere som driftast av leverandørane. Utover dette er det berre skulen som har tilgang til opplysningane. 

Du finn meir informasjon om personvern og personvernrelaterte saker på nettsidene til Datatilsynet. 

Nettstatistikk

Laster...

Behandling av informasjon i søknaden

Laster...

Innsyn, endring og sletting av informasjon

Laster...

Personvernerklæring

Laster...