Eit drøss med valfag

Valfag

I løpet av skuleåret kan du velje mellom 25-30 ulike valfag.

Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestemmer sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

 

Eit drøss med valfag

Band/vokal/studio
Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac’ar klar til bruk.

Barista
I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Diakoni
Faget der omsorg og nestekjærleik står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Filmproduksjon
Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball
Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter
Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane – så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling
Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal
Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kvikke finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar
Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf
Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat
Lær deg herlege rettar til studentlivet! Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg! Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring
Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging
Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto
Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls
Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Let’s Dance
Skulen har eige danselinje. I dette valfaget kan du også få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Longboardverkstad
Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og lim saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon – og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling
Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med bildekomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål
Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme…

Maxpuls/Treningsinstruktør
Eit praktisk fag der du lærer å bygge opp/leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Du får treningsinstruktørbevis.

Minnebok
For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano
Her får du grunnopplæring i piano, med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både digitale og akustiske, og det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign
Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty
Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet.

Teatersport
Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel
10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Turn
Ulsteinvik har ein flott turnhall. Her kan du boltre deg på frittståande-golvet, turne i ringar, svingstang, skranke og på bom. Foran tjukkas-mattene står trampetten og i gymsal kan du prøve Airtrax (luftmatte).

Vokalgruppe/kor
I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball
Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

X-fit
X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening (sjå aktivtrening.no).

Studentum
Les kva elevane sjølv skriv om eit år på Sunnmøre Folkehøgskule
Les omtalar