Anten du kjem med kofferten full av halvskrivne tekstar og melodiar, eller du berre har blanke ark, vil denne linja hjelpe deg til å finne din musikalske veg vidare.
Artist-utvikling
Målet med linja er at vi gjennom arbeid med song, samspel og formidling vil legge til rette for at du får vidareutvikle og bruke dine musikalske evner og ferdigheiter. I tillegg til å finne ditt personlege uttrykk, vil du i fellesskap med andre også skape nye musikalske uttrykk. Her vil ein kunne lære av kvarandre både når det gjeld tekstproduksjon, melodi, harmonisering og arrangering.
Gjennom skuleåret gjer musikklinja veldig mykje forskjellig. Som du allereie har oppdaga, vil det i det daglege vere grunnleggande musikkopplæring, bandspel, vokal, låtproduksjon, studioarbeid etc. I tillegg til dette vert det ulike prosjekt gjennom året. Du får jobbe med musikal saman med heile skulen, og du vil ha større og mindre konsertar der du vil opptre saman med elevane på linja Musikk.Friluft.Sør-Afrika.
Ny musikkavdeling
På skulen har vi ei ny musikkavdeling med tilhøyrande studio og øvingsceller som berre ventar på at du skal ta det i bruk. Studioet vil vi bruke aktivt både til eigen låtproduksjon, og til opptak og produksjon av andre sine prosjekt.
På øvingscellene står det iMac med midikontrollar og lydkort, slik at ein kan jobbe uforstyrra med skuleoppgåver og eigne prosjekt. Når det gjeld programvarer, brukar vi i hovudsak Logic på skulen. Det betyr ikkje at du ikkje kan bruke andre program, men mesteparten av undervisninga vil gå føre seg med utgangspunkt i Logic.
Studieturar
I november og februar dreg begge musikk-klassene på turar til New York og Cape Town i Sør-Afrika. Litt lenger nede på nettsida kan du lese meir om turane. Begge reisemåla er spekka med storbypuls og musikkopplevingar som overgår det sjølv Ulsteinvik kan by på…
Studio Sunnmøre
Medan linja Musikk.Friluft.Sør-Afrika miksar inn Sunnmørsnaturen i linjefaget sitt, vil du fordjupe deg meir i lydproduksjon både når det gjeld opptak i studio og «live»-lyd. Vi har mange gode lydfolk i vårt nettverk som kan lære deg mykje både om det reint tekniske og det lydmessige for å få best mogleg «sound» på plate og på scene. Du vil også kunne få meir tid til å fordjupe deg i dine eigne prosjekt og låtar med rettleiing frå andre.
Nytt linjekonsept
Musikklinjene våre har fått nye namn og eit nytt reisemål. Du vil kanskje finne informasjon om tidlegare utgåver på sosiale media og YouTube. Mykje er likt, men vi lovar at denne linja er ei meir tilpassa og forbetra utgåve for deg som vil bruke tid i studio framfor naturen. Du kan likevel velje mange andre opplevingar og opplegg gjennom valfaga.
Vel møtt!