Sjølv om Bo.Aktiv er ei tilrettelagt linje, er det ikkje sikkert vårt opplegg er det beste tilbodet for akkurat deg. Det kan difor vere ein fordel å ringe skulen før du sender inn ein søknad. Då vil vi gje deg meir informasjon om tilbodet vårt, og om kven vi erfaringsmessig tenkjer opplegget passar best for.
Neste steg på vegen mot ein skuleplass er å sende inn ein søknad. I etterkant av søknaden vil både søkjeren og føresette/kontaktpersonen motta ein epost med eit skjema som vi ber dykk fylle ut. Dette skjemaet gjev skulen meir informasjon om deg som søkjar.
Etter at skjemaet er motteke, blir dykk invitert til eit møte på skulen der dykk får omvisning og vi får tid til ein utfyljande prat for å bli betre kjend. Innan ei veke etter besøket vil de få ei tilbakemelding frå skulen om du har fått skuleplass eller ikkje. I dette brevet vil du også få ein oversikt over dei ekstra kostnadane som denne linja krev. Denne oversikten legg du ved søknaden til NAV.
Det tek tid å få godkjenning frå NAV og dei stiller krav til ein god dokumentasjon av behovet for støtte. Det er difor viktig at den faglege grunngjevinga er på plass.
Her finn du tips til korleis du går fram på nav.no.
- Skriv «folkehøgskole» i søkjefeltet på nav.no og vel «Opphold på folkehøgskole» Då får du opp litt generell informasjon.
- Bruk søknadsskjema «NAV 10-07.18» til sjølve søknaden. Her vel du «Jeg vil søke om stønad til opphold på folkehøgskole, første skoleår»
- Legg ved ein uttale eller vurdering av behovet for skuleplass frå lege, PP-tjeneste eller andre fagpersonar. Det er denne grunngjevinga som avgjer om NAV dekkjer opphaldet eller ikkje. Her må du altså ta deg tid til å samle nødvendige papirer.
- Legg ved eit begrunna kostnadsoverslag over ekstrautgifter som NAV skal dekke. Dette finner du vedlagt i brevet du mottok frå oss saman med tilbodet om skuleplass.