GOLF.IDRETT

Post bilde

FÅ EIN PERFEKT MIKS AV MASSE GOLF, ULIKE IDRETTAR, TUR TIL SØR-AFRIKA OG TRENINGSLEIR I BULGARIA!

Du vil spele på ulike baner på Sunnmøre på haust og vår. Her får du svinganalyse av ein lærar med 0,8 i hcp som ønskjer å formidle golfglede, anten du er fersk eller erfaren. I tillegg spelar du golf i Sør-Afrika i november og reiser på treningsleir til Bulgaria i mars.   

Heimebane
På bana til Sunnmøre GK har du gratis spelerett og har fri tilgang til TrackMan-simulatoren til klubben. Bana ligg eit langt utslag frå skulen. Her kan du spele så mykje du vil på fritida. På golf valfag møter du «golf addicts» frå andre klassar, og du vil aldri mangle ein medspelar i helgane eller på kveldstid. 

Meir enn golf
Utanfor golfsesongen vil du vere saman med linja Idrett.Ball. Då får du ulike ballspel, surfe i Hoddevika, stå på ski på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, ha fri tilgang til eit stort treningssenter og mykje anna.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du spele på mange fantastiske baner i sol og varme. Berre sjekk ut Pinnacle Point og Oubaai! I tillegg får du høg puls i ditt første fallskjermhopp og i eit av verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Du får surfe, og sjølvsagt blir det også ein dag på safari.

Treningsleir
I mars ventar seks dagar med golf frå morgon til kveld. Då bur du på eit femstjerners golfresort i Bulgaria. Thracian Cliffs er designa av Gary Player og er rangert som nummer 18 i verda på lista «World’s Top 100 X-Factor Courses» i 2026.

Berre pakk golfbagen og kom. Dette blir eit år der du kan få nærare 100 golfdagar om du er gira. 

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.