Felles

Fellesturar / Fellesfag / Skulekvardagen / Musikal / IlulaLove / Arrangement / Genser

Du søkjer deg inn på eit linjefag. Når året er omme kan det likevel vere opplegga på tvers av linjene som sit sterkast igjen.

Eit folkehøgskuleår er spekka med fellesopplevingar, undervisning og turar. Her vil du oppleve meir enn du trudde var mogleg då du starta skuleåret.

Fellesturar

Dei beste opplevingane kjem ofte når vi er saman. Difor er vi 14 dagar på ulike fellesturar.

Vi startar året med ein opningstur i Sunnmørsalpane. I løpet av året har vi også turar til Ålesund og fuglefjellet på Runde. I mars har vi ei skiveke på Bjorli, før året avsluttast med ein tur til opplevingsgarden «Hakallegarden». Her fyller vi dagane med seminar, dyrestell, cowboyfest, liveband, BBQ og fjellturar. Vi trur du vil like det.

Bli-kjent-tur

Laster...

Skiveke

Laster...

“Gøy-på-landet”

Laster...

Fellesfag

Eit friår er ikkje det same som eit år fri. I staden har du moglegheit til å jobbe med ulike tema på ein heilt ny måte. 

Her får du ulike seminar og workshops med gira lærarar og kompetente foredragsholdarar som held eit høgt fagleg nivå. For desse er ikkje målet å sette karakterar, men å bygge karakter.

I fellesfaga vil du møte ulike tema som til dømes samarbeid/konfliktløysing, personlegdomstestar, psykisk helse, tru/verdiar, samfunn, militærmakt, berekraft, kreativitet, friluftsliv, kosthald/trening og karrierevegleiing.

I folkehøgskulen kaller vi desse fellesfaga for danningsfag. Med danning meiner vi forenkla sagt den kunnskapen du sit igjen med etter at du har gløymt det du har lært. Tygg litt på den! 

Skulekvardagen

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare.

Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt, skiveke eller møter andre folkehøgskular på fotball- og volleyballturneringar. På slutten av året flyttar vi heile skulen ut på landet og lager ein tre dagar lang festival på ein opplevingsgard.

Ulikskapane til trass: Under finn du eit døme på det næraste vi kjem ei gjennomsnittsveke. Der finn du også ei oversikt over kva som skjer i løpet av eit år.  

Kva som blir ditt høgdepunkt i året gjenstår å sjå…

Årsplan

Laster...

Timeplan

Laster...

Musikal

Kvart år skaper elevar og lærarar ved skulen ein musikal. I to veker legg vi all anna undervisning til side, og jobbar kun med den.

I løpet av travle og hektiske dagar kan du utfalde deg, anten du ynskjer å jobbe med drama, dans, band, vokal, kostyme, kulisser eller lyd og lys.

Om du ikkje ynskjer å vere direkte knytt opp mot sjølve musikalarbeidet, kan du anten spre glede i miljøgruppa eller ta del i ei praktisk snikkargruppe som får andre oppgåver desse dagane. Felles for alle, er at det blir skapande dagar på tvers av klasser.

Kvart år ser ca 2500 tilskodarar oppsetninga i kulturhuset Sjøborg. Dei heile avsluttast med ei forestilling for føresette under familiehelga.

Sist år sat elevane opp Rockeulven”. Tidlegare år har mellom anna High School Musical, Annie, Madegaskar, Happy Feet, Oliver Twist, Ronja Røverdatter, Løvenes Konge og Jungelboken stått på programmet.

video

Bilder “Annie” – 2019

Laster...

Bilder “Madagaskar” – 2018

Laster...

Bilder “Happy Feet” – 2017

Laster...

Bilder “Oliver Twist” – 2016

Laster...

IlulaLove

Skulen har eit samarbeid med Ilula WMCA i landsbyen Ilula i Tanzania.

Dette partnerskapet er ein del av KFUK-KFUM Global sin Stop Poverty-kampanje.

Kvart år samlar elevane på skulen inn mellom 500.000 og 700.000 kroner. Det blir organisert gjennom ein elevkomitè som heiter «IlulaLove». Denne komitèen sørger for at heile skulen bidreg med sponsorløp, loppemarknad, faste kafe-kveldar, live-sending på SoMe og ulike interne challenges.

I tillegg reiser Global.Safari-linja til Ilula kvart år og kjem på den måten tett på både prosjektet og lokale ungdommar. Dei kan med eigne auge sjå nytta av samarbeidet, og formidle dette vidare til resten av skulen.

Arbeidet som blir gjort i Ilula er nettopp kåra til det aller beste av alle dei om lag 8000 bistandsprosjekta i landet. Det gjer oss trygge på at våre partnerar brukar dei innsamla midlane på ein god måte.

Arrangement

Eit folkehøgskuleår inneheld ei rekke arrangement. Nokre av dei er knytt opp mot skulekvardagen din. 

Det kan mellom anna vere elevtreff, loppemarknad og familiehelg. I tillegg kjem arrangement som kan variere frå år til år, til dømes konsertar, forestillingar, turneringar og opne seminar for bygda. Her kan du lese meir om dei faste arrangementa som går igjen kvart skuleår.

Opningsfest i august

Laster...

Elevtreff – “Hver gang vi møtes…”

Laster...

Loppemarknad i oktober

Laster...

Familiehelg i januar

Laster...

Avslutningsfest i mai

Laster...

Korleis kome seg til skulen

Laster...

Genser