Les meir om linja

På Idrett.Ball får du oppleve mykje. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit år med sigrar, tap, svett garderobestemning og gode lagkamerater.

Denne linja passer perfekt for deg som likar ballsporter som fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket og innebandy. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, badminton og bordtennis. I eit stort treningssenter 50 m unna kan du trene så mykje du vil. Her er crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat.

Fantastiske idrettsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane, har Ulsteinvik sannsynlegvis Norges beste miks av splitter nye idrettsanlegg. Rett ved skulen finn du ein turnhall, padelhall, buldrehall, innendørs fotballhall, ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland pluss ein av Norges største friidrettshallar. Her er også ein sykkelbane med flytstiar og ein fin 9-hols golfbane med ein avansert golfsimulator og ein 18-hols fotballgolfbane. Treningssenteret, klatrehallen og badeland har du fri tilgong til om du blir med i skulen sitt lokallag av KFUK-KFUM. Det koster kun 500 kroner for eit heilt skuleår.

Meir enn berre ballspel
I løpet av året får du også tid til å surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet skisenter, klatre Via Ferrata i Loen, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje meir.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika venter nye adrenalinkick. Du får fallskjermhopp, verdas lengste strikkhopp på 216 m, ATV og safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. I Cape Town får du ein miks av sterke menneskemøter og meiningsfylte prosjekt blant fattige i townshipen. På Robben Island vil du også besøke fengselscella til Nelson Mandela.

Turneringar
Kvart år blir det tatt ut skulelag for gutar og jenter til prestisjetunge fotball- og volleyballturneringar. Då møter vi seks andre folkehøgskular til dagar med duellar, knallhard innsats og stappfulle tribunar. Målet er å slå skular som har eigne fotball- eller volleyballinjer. Det er grei stemning når det skjer.

Gira innstilling
Vi håper at noko av dette høyrast fristande ut, og vi forventer sjølvsagt ikkje at du mestrer alle aktivitetane frå før. Vår erfaring er at det viktigaste du kan bidra med er ei sporty innstilling, stå-på-vilje og ein lyst til å teste ut nye aktivitetar. Då klarer vi å skape eit godt klassemiljø som gir deg gode venner du kanskje vil ha for resten av livet.

Ta kontakt
Om du har praktiske spørsmål i forhold til opplegg, utstyr eller anna, kan du kontakte meg på mobil eller epost. Håper vi sjåast i august!
Helsing Per Bernt