Sør-Afrika

Post bilde

Cape Town har alt; natur, religion, kultur, historie, mat, menneskemøter og ekstremsportaktivitetar.

Sør-Afrika er for mange det ultimate reisemålet. Cape Town er lokalisert på sør-vestspissen av det afrikanske kontinentet, mellom Det indiske hav og Atlanteren. Byen er gjennom århundra ein stoppestad på reisa mellom Europa og Asia. Sørpolen er berre ei lang båtreise unna.

På denne turen vil fokuset til dømes vere på apartheid, globalt medborgarskap og aktivitetar som workshops, fallskjermhopp, surfing, golf, safari og verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Det er også tid til eit vertsfamiliebesøk med overnatting og ein tur innom fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island.

Fleire ulike linjer reiser til Sør-Afrika. Innhaldet vil variere frå linje til linje og du finn meir info om turopplegga på dei ulike linjesidene.