Loppemarknad i oktober

Post bilde

19.oktober 2019 er det loppemarknad på skulen

Loppemarknad på Sunnmøre Folkehøgskule er ein svær happening med omlag 1000 besøkande på ein hektisk laurdag føremiddag. Loppemarknaden er ein del av Stop Poverty-prosjektet vårt.

Det er ei stor glede for elevar og tilsette å invitere folk i alle aldrar til den flotte skulen vår. Og når vi samstundes kan gjere noko positivt for miljøet og samle inn pengar til Ilula-prosjektet vårt  i Tanzania, blir det dobbel glede!

I salane vil det bugne av lopper: møblar, krimskrams og kjøkkenting, lampar, sportsutstyr, bøker og leiker, dukar og sengklede og mykje, mykje meir.

I tillegg til sjølve loppemarknaden kan gjestane kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi, så det vert rikeleg høve til ei god pustepause, prat og kos i den trivelege elevmatsalen. Kanskje dukkar det også opp nokre gatemusikantar og serverer nokre godbitar?

Det vert tombola og «Katta i sekken», og borna er ekstra heldige sidan ei gruppe elevar lagar eventyrstund med teater og musikk. Det vert to framsyningar i kjellarstova på skulen, og innimellom framsyningane blir det vist film.

Med helsing loppemarknadskomitèen.