Sunnmøre Folkehøgskule har eit stort og profesjonelt kjøkken som gjennom ei årrekke har levert varierte og gode menyar.
Enten du er ute etter enkle rettar eller bryllupsmenyar, er våre kokkar på plass for å levere. Vi har også flotte lokalitetar der du kan kome til duk og dekka bord, og hyggelege medarbeidarar gjer sitt for at gjestane kjenner seg velkomne. Med 140 nye elevar på huset kvart år, har vi også lang erfaring med allergener, vegetarmat og anna type spesialmat. Gje difor beskjed til kjøkkenet om du ynskjer spesialkost. Vil du ha maten levert på døra, kan vi også legge til rette for det. Vårt dyktige og driftige kjøkenpersonale leverer velsmakande mat i ulike priskategoriar til dei fleste anledningar:
- bryllup
- barnedåp
- overtidsmat
- slektsstemne
- åremålsdagar
- minnesamvær
- juleavslutningar
- kurs og konferanse