Sunnmøre Folkehøgskule – ei god historie.

Bli med tilbake der det heile starta – med dei ord og uttrykk som vart nytta for over 100 år sia.

Over Sunnmøre gjekk det kristelege vekkingar frå 1903 og fleire år utover. Det kristelege ungdomsarbeidet var difor i sterk vekst.

I eit møte med lærar Mons Arset hausten 1907 fekk klokkar Alme frå Ulsteinvik høyre om arbeidet på Fredly ungdomsskule, så levande og interessant at Alme med ein gong vart viss på at ein slik skule måtte dei få på Sunnmøre òg.

Ideen vart formidla vidare til Sunnmøre kristelege ungdomskrins og Søndmøre fellesforeining for indremisjon, og skulen kom i gong som eit samarbeid mellom nettopp desse foreiningane.

Det fyrste kurset starta i Ulsteinvik den 15. oktober 1908 med 48 elevar og Gudleik Kalsnes som styrar.

Dei ytre vilkåra for skulen har vore skiftande. Starten var i enkle og heller vanskelege kår. Den teoretiske opplæringa gjekk føre seg i storsalen i bedehuset, og handarbeidet i småsalen ved sidan av.

I ein heller liten kjellar i eit privathus eit stykke unna var rom for kjøkken- og matstell. Tilsvarande vilkår hadde sløydopplæringa. Hyblar fekk elevane i heimane i bygda. Der stelte dei seg sjølve, og tok berre middagen på skulen.

Alt året etter, i 1909, bygde det kristne ungdomslaget i bygda eige hus, “Fredheim” der skulen heldt til i 10 år, men framleis måtte elevane bu på hyblar i bygda.

Men skulen trengde etterkvart sitt eige bygg. Kalsnes og mange av indremisjonsfolket ville ikkje bygge i Ulsteinvik. I 1913 kjøpte Kalsnes skuletomt i Borgund, men då ungdomskrinsen ikkje ville flytte skulen, skildest dei.

Kalsnes starta ny ungdomsskule i Borgund, og ettersom det offentlege tilskotet fylgde styraren, og ikkje skulen, vart Sunnmøre ungdomsskule ribba for pengemidlar, og måtte greie seg sjølve om skulen skulle halde fram.

På grunnlag av eit sterkt ynskje frå ungdomskrinsen og mange andre om at skulen måtte halde fram, og bli i Ulsteinvik, valde ein nytt forstandarskap. Og med styret sitt samtykke og kommunen si hjelp vart Sunnmøre ungdomsskule verande i Ulsteinvik med Severin Hop som ny styrar og med Ungdomskrinsen og Ungdomsforbundet bak seg. Fyrst då det 10. kurset starta, 1917 -18, fekk skulen (på ny) offentleg stønad.

20.desember 1918 kunne elevane endeleg flytte inn i eigen skuleheim, “Lidarheim”, før dei tok juleferie. Der var plass til all undervisning og det meste av lærarpersonalet. Dette var resultat av eit storløft frå både bydefolk og alle skulen sine vener.

Skulen var bygd av to gamle hotell frå Røldal og Oppheim på Vossestrand, i tillegg til noko nybygg. 18.desember 2006, 88 år seinare, vart det på nytt ei nyårsflytting til eit hotell, denne gongen frå Reiten til Varleite.

Etter kvart forma nye og større mål seg, og etter krigen vart nye bygg reist i tre ulike byggetrinn: nytt internatbygg i 1966, nytt mellombygg med matsal, gymsal og fellesareal i 1968, og nytt administrasjons- og undervisningsbygg i 1975. Dette gjorde nytta i over 30 år, fram til skulen i desember 2006 tok over tidlegare Ulstein Hotel sine lokaler i Varleite.

Eigentleg var planane for eit nytt internatbygg på Reiten klart, men så kom ideen om «Trekantsaka» opp i 2001. Den gjekk ut på at Ulstein kommune kjøpte bygningsmassen til Sunnmøre Folkehøgskule, skulen kjøpte hotellet sine lokaler, og hotellet bygde nytt hotell med kulturhus i sentrum i samarbeid med kommunen.

Etter mange runder og politiske drakampar, kom det avgjerande kommunestyrevedtaket i 2005. Dermed vart det som starta som ein frisk ide blitt eit faktum, og i ettertid ser ein at «Trekantsaka» har vore avgjerande både for utviklinga av kulturliv, sentrumsutbygging og Sunnmøre Folkehøgskule.

Dagens eigarforhold:
Det er i dag Norges KFUK-KFUM og Sunnmøre krins av Norges KFUK-KFUM som eig og driv Stiftinga Sunnmøre Folkehøgskule.

Etter ei omorganisering i 1991 vart eigedomane skilt ut i eit aksjeselskap (SUFH BYGG AS) med Norges KFUK-KFUM (40%) og Sunnmøre Krins av Norges KFUK-KFUM (60%) som aksjonærar.

Meininga med omorganiseringa av eigarstrukturen var å knyte skulen og skuledrifta nærare til organisasjonen sentralt. Det har ein lukkast godt med, og Sunnmøre Folkehøgskule inngår i dag som ein viktig del av folkehøgskulestrategien til KFUK-KFUM saman med dei fire andre KM-skulane Valdres Fhs, Svalbard Fhs, Rønningen Fhs og Folkehøgskulen Nord-Norge.