Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Pris

MUSIKK.FRILUFT.SØR-AFRIKA

Musikk feat. Friluft!
Mykje meir enn berre musikk!

Dei fleste dagane er Musikk.Friluft i øvingslokala, i studio og på klubbscena. Her vert det konsertar, jamsessions og musikkprodusjon. Under musikalen står du på scena framfor 2500 tilhøyrarar og på linjeturar til New York og Sør-Afrika kan du velgje og vrake mellom ulike workshops, konsertar og framsyningar.

I øvingslokala lærer du meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic er til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo.

På Norges mest aktive musikklinje får du imidlertid så mykje meir. På godversdagar hentar du inspirasjon fra toppturar, ski, surfing og klatring. Og på studieturen til Sør-Afrika får du vertsfamiliebesøk, Robben Island, fallskjermhopp, strikkhopp, haidykk og ATV.

Dette blir med andre ord eit år der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre kan by på.

 

Linjeinnhald

  • Studietur New York og London
  • Plateinnspeling
  • Huskonsertar
  • Turné
  • Musikal
  • Studioarbeid
  • Låtproduksjon
  • Rytmelære
  • Band
  • Musikkvideo
  • Arrangering
  • Komponering
  • Samspel
  • Sangteknikk
  • Besifring piano/gitar
  • Surfing
  • Toppturar
  • Kajakk
  • Ski/brett
  • Klatring

Kombinasjonen av musikk og friluftsliv er ikkje eit vanleg. Det er difor vi tilbyr den!

La oss gå rett på sak: Om du ynskjer eit år med så mykje musikk som mogleg, finst det andre skular som har eit meir omfattande tilbod.

Denne linja er for deg som likar å spele eller synge ein god del, men som også har lyst å utnytte nokre av det som Sunnmøre har å tilby. Ein surfedag i Hoddevika eller ein skidag i laussnøen på Strandafjellet Skisenter krydrar kvardagane og gjev små avbrekk i alt arbeidet i musikkstudio.

Gjennom skuleåret gjer musikklinja veldig mykje forskjellig. Som du allereie har oppdaga, vil det i det daglege vere grunnleggande musikkopplæring, bandspel, vokal, låtproduksjon, studioarbeid etc. I tillegg til dette vert det ulike prosjekt gjennom året. Du får jobbe med musikal saman med heile skulen, og du vil ha større og mindre konsertar der du vil opptre saman med elevane på linja Låtskriving.Studio.NewYork.

Målet med linja er at vi gjennom arbeid med song, samspel og formidling vil legge til rette for at du får vidareutvikle og bruke dine musikalske evner og ferdigheiter.

Ny musikkavdeling
På skulen har vi ei ny musikkavdeling med tilhøyrande studio og øvingsceller som berre ventar på at du skal ta det i bruk. Studioet vil vi bruke aktivt både til eigen låtproduksjon, og til opptak og produksjon av andre sine prosjekt.

På øvingscellene står det iMac med midikontrollar og lydkort, slik at ein kan jobbe uforstyrra med skuleoppgåver og eigne prosjekt. Når det gjeld programvarer, brukar vi i hovudsak Logic på skulen. Det betyr ikkje at du ikkje kan bruke andre program, men mesteparten av undervisninga vil gå føre seg med utgangspunkt i Logic.

Studieturar
I november og februar dreg begge musikk-klassene på turar til New York og Cape Town i Sør-Afrika. Litt lenger nede på nettsida kan du lese meir om den turen. Begge reisemåla er spekka med storbypuls og musikkopplevingar som overgår det sjølv Ulsteinvik kan by på. I tillegg er Cape Town eit perfekt reisemål for aktivitetar som fallskjermhopp, strikkhopp, ATV-køyring og haidykk.

Sunnmøre på sitt beste
Når det gjeld friluftsliv, så ligg skulen flott til med havet på eine sida og Sunnmørsalpane på den andre sida. Dermed ligg det godt til rette for sterke opplevingar i form av surfing, klatring, toppturar, kajakk og ski/brett. Totalt sett utgjer musikkfaget cirka 70 prosent og friluftslivslivsdelen cirka 30 prosent av linjetida.  Om du heller vil bruke nokre av turdagane i studio eller øvingslokala, er det fullt mogleg.

Nytt linjenamn
Musikklinja har fått eit nytt namn og eit nytt reisemål. Du vil kanskje finne informasjon om den tidlegare linja Musikk.Eventyr.NewYork på sosiale media og YouTube. Mykje er likt, men vi lovar at denne linja er ei meir oppdatert og forbetra utgåve av den gamle.
Vel møtt!

 
gallery

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@musikksunnmorefhs) og på linja sine facebooksider.

 
video

Film

Musikk på 1-2-3.

Har du eit lite minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja.

Sjekk også linja på Youtube, Facebook og Instagram for meir informasjon.

video
 
tour

Studietur

Saman med ei anna musikklinje på skulen får du studieturar til New York og Cape Town i Sør-Afrika.

New York
Du treng ikkje like Mac for å trivast i «The Big Apple». For New York er ein stad alle vil reise til. Og ikke utan grunn. I byen som aldri søv skjer det så mykje at vi likegodt kan gå ut med ein opplevelsesgaranti fyrst som sist. Verdas hippaste by leverer den beste livemusikken og her er det berre å velgje og vrake mellom gratiskonsertar og store scener.

Cape Town
Cape Town i Sør-Afrika er ein fantastisk miks av folkeliv og opplevingar. Nokre dagar bur du hos vertsfamilie, deltek i gateprosjekt og vitjar fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island. Andre dagar er det mellom anna aktivitetar som konsertar, fallskjermhopp, golf, safari og verdas høgste strikkhopp på 217 meter.

 
Sosiale medier

Sosiale medier

@musikksunnmorefhs
Når vi bestemme oss for at gitaristen skal scatte 😂😅🎅🏻 og andre fine bidrag fra julekonserten 😊
Sjå fleire bilete
instagram
 
prices

Pris

Kostnadar skuleåret 2019-2020
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar: kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji): kr 74 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, opplegg og fellesturar): kr 14 000,-

Enkeltrom: kr 9 000,- (vi har begrensa antal rom)

Til saman: kr 90 500,- (dobbeltrom)

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening: kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork: kr 38 000,-
Musikk.Friluft.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Hawaii: kr 42 000,-
Butrening.Aktivitet * kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.