Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Lærar / Pris

MULTISPORT.SØR-AFRIKA

Multisport er sportsprega friluftsliv. Her vert du komfortabel langt utanfor komfortsona.

Du ferdast i mektige Sunnmørsalper, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak RIB-båten inn vakre Hjørundfjorden.

I Sør-Afrika er det tid for ATV, fallskjermhopp, terrengsykling, zipline, surfing og verdas høgaste strikkhopp. Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilberedt og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.

I morgon ventar ein ny fullspekka dag.

 

Linjeinnhald

  • Klatring
  • Elv-/grotteklatring
  • Terrengsykling
  • Surfing
  • Toppturar på ski
  • Ski/snowboard
  • Strikkhopp
  • Haidykk
  • «Pudderjakt»
  • Via Ferrrata
  • Skredkurs
  • Langrenn
  • Sunnmørsalpane
  • Fallskjermhopp
  • Vannski/kajakk/snorkling
  • Strandafjellet Skisenter
  • Snøholetur
  • Squash
  • Snøskuter/firhjuling
  • Curling
  • RIB-turar
  • Bålsamtaler
  • Sykkel Trollstigen
  • «Oppdrag Hjørundfjorden»

«På Multisport er man mange ganger utenfor sin komfortsone, men i dette klassemiljøet er man likevel trygg og komfortabel»

Sitatet er frå ein tidlegare elev. Det fortel at Multisport.Sør-Afrika er ei linje med eit variert innhald, både fysisk og psykisk.

Det trengs ikkje spesielle ferdigheiter for å gå denne linja. Men du må vere forberedt på at det er ei aktiv linje der ein del av dagane ofte kan bli lange.

Haust
Vi startar hausten med toppturar til fots i Sunnmørsalpane. Av og til har vi med tau for å nå toppen, andre gongar held det lenge med ein svett og god innsats. Vi får også tid til blant anna sykkel-ekspedisjon «Trollstigen-Geiranger», uteklatring, Via Ferrata i Loen, surfing på Stadt, turar i kajakk og i RIB-båt.

Sør-Afrika
November er tida for utlandsturen til Sør-Afrika. Etter fleire års erfaring til dette reisemålet, har vi opparbeida oss mange lokale kontakter. Vi kan difor skreddersy ein tur ein elles ikkje kunne fått oppleve gjennom eit vanleg charterbyrå. Vi får unike møte med med lokal befolkninga i town-ships og turar lokalt. Og sjølvsagt får du tilbod om Multisport-aktivitetar som f.eks fallskjermhopp, surfing, klatring, haidykking, firhjuling, verdas høgaste strikkhopp, safari m.m.

Vinteren
Gjennom vinteren og våren går mykje av tida til snøaktivitetar. I ei veke i løpet av februar får vi kosa oss i Oppdal på ski/brett i tillegg til curling og snøscooter. Elles ventar våre eigne Sunnmørsalpar, og f.eks Strandafjellet er eit paradis for eit friluftsmenneske. Magiske fjelltoppar som stuper rett ned i fjord og hav. Her får alle sjansen til å lære seg å bli god på ski/brett i rein løspudder.

Av og til nyttar vi oss av fiskebåt, seglbåt eller RIB-båt til å kome oss inn til «Oppdrag Hjørundfjorden» for å nå andre flotte fjelltoppar. Å suse nedover fjellsida i urørt snø er ein opplevelse som er berre heilt magisk!

Risikabelt spør du? Multisport er sportsprega friluftsliv, så det du kan risikere er at kondisjonen din blir betre i løpet av året.

 
gallery

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@multisportsunnmorefhs) og på linja sine facebooksider.

 
video

Film

Multisport.Sør-Afrika på 1 – 2 – 1

Har du 1,21 minutt? Da kan du få eit lite innblikk i kva som venter deg på linja. Du finn og ulike filmar, bilete og nyhende frå ulike opplegg på linja si facebookside. Den oppdaterast kvar veke.

video
 
tour

Studietur

Cape Town er for mange det ultimate reisemålet i verda.

Her får du alle slags opplevingar du kan tenke deg, blant anna innan heftige sports- og friluftsaktivitar. Du rekk ikkje å få gjort alt du blir tilbydd, men du vèl det du tør og har lyst til.

Og vi skal hjelpe deg med å tøye strikken så du kjenner på kroppen at du «lever». Vi får også muligheit til å møte lokalbefolkninga på eit unikt vis som du aldri kjem i nærleiken av om du reiser dit som turist.

Vi bur i hovudsak på Sunflower Stop Backpackers Hostel 10 minutt frå Cape Town sentrum. Her har vi heile huset for oss sjølve og det er heilt supert!

Vi bur også ei helg i vertsfamilier der vi fort blir ein del av familien. Her tek du del i dagleglivet den helga du bur der. Det kan for eksempel vere idrettsarrangement, bursdagsfeiring eller bryllupsfest.

Vi har ein 4-dagers tur langs «Garden route» der vi undervegs får med oss haibur-dykking og verdas høgaste strikkhopp frå brua Bloukrans Bridge. Her bur vi like utanfor George i flotte Blue Whale resort. Fantastisk utsikt og med flotte surfebølger for den som vil.

I Cape Town har vi Table Mountain, Lions Head og Signal Hill som er fjell som omkransar byen og som må opplevast. Enten med Cable Car eller til fots. Ein dag på Safari er også noko ein berre må ha med på MÅ-lista. Fallskjerm, ATV (quaterbike), zippline og strikkhopp får vi også sjanse til å prøve.

Dei ulike prosjekta vi besøker kan vere Homeless soccer/YMCA, Reclame youth, Transformationcenter (for rusmisbrukarar) eller Faithbuilders. Her deler vi oss inn i mindre grupper etter interesseønske. Av og til gjer vi aktivitetar saman med ungdomane her,  som for eksempel surfing.

Du får oppleve at i Cape Town finn du kanskje den største skilnaden på fattig og rik. Men likevel ser vi ofte at dei som har lite materielle ressursar har ofte mest varme og kjærleik å gi andre. Vi får eit nært innblikk i korleis det er å leve i ulike townships. Både gjennom vertsfamilier, guide turar og koselige familiebesøk.

Vi reiser også ut til Robben Island og får sjå fengselet der Nelson Mandela satt i fangenskap. På den måten får vi ein forståelse av korleis Apartheid fungerte og kvifor mange ting fortsatt er ei stor utfordring.

Multisportturen til Sør-Afrika er som du forstår fullt av mange ulike opplevelsar og inntrykk.

Sunnmøre Folkehøgskule har reist dit dei siste 15 åra og det gjer at vi har blitt godt kjend med både landet og personar. Innhaldet i turen forandrast alltid litt, og vi påstår at det har blitt ein fantastisk tur for ein «multisportar» som vil ha noko meir enn berre sportsaktivitetar!

 
Sosiale medier

Sosiale medier

@multisportsunnmorefhs
Sesongen er i gang⛷ #sunnmorefhs #multisport #fhsliv #dinferieminhverdag @idrettballsunnmorefhs @sjosnosurfsunnmorefhs
Sjå fleire bilete
instagram
 
LÆRAR

Lærar

Lærar
Lærar:
Henrik Petersson
Svensken er to meter høg og to meter brei og er ei maskin med sekken full av hestekrefter, turerfaring og godt humør. Henrik er tidlegare landslagskøyrar i trail og var først ute med Multisport-konseptet. No er linja så bra at alle andre skular ynskjer å etterlikne originalen.
hp@sufh.no | 70009600 | 92296746
 
prices

Pris

Kostnadar skuleåret 2017-2018
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar: kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji): kr 73 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, opplegg og fellesturar): kr 13 000,-

Enkeltrom: kr 9 000,- (vi har begrensa antal rom).

Til saman: kr 88 500,- (dobbeltrom).

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening: kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork: kr 38 000,-
Musikk.Eventyr.NewYork: kr 40 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Hawaii: kr 42 000,-
Butrening.Aktivitet * kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.