I gymsalen eller treningssenteret, på Sunnmøre eller i Sør-Afrika, med eller utan ball, så jaktar vi på gode opplevingar i eit godt klassefellesskap.
På Sunnmøre Folkehøgskule ligg det godt til rette for deg som ynskjer å vere aktiv. Her har du fri tilgang til gymsal og flott treningssenter på tunet. Like ved ligg Høddvoll med kunstgrasbaner og Ulsteinhallen med ein av Noregs beste hallar for friidrett.
Sunnmøre Golfklubb ligg berre 5 minutt frå skulen og der vil du saman med golfklassa få prøve ut om golf er noko for deg.
Sunnmørsalpane ligg godt tilrette for toppturar og skisenter ligg berre ein kort køyretur unna, og der vil du med klassa og saman med resten av skulen få kose deg til fots eller på ski eller brett. Strandafjellet er nettopp kåra til Noregs beste skianlegg og dit reiser vi på hyttetur og testar ut både bakke og ikkje minst frikøyring i laussnøen. Fotball og volleyball er to idrettar som vi skal gjere mykje, og her vil det òg vere mogleg å representere skulen på turneringar.
Vi stiller ingen krav til nivå eller dugleik, men vi ynskjer eit aktivt miljø der du blir utfordra, og der det er lov å vere god, men òg å mislukkast. Vi vil trene i lag, pushe kvarandre, le masse og vi skal saman skape eit godt klassemiljø der alle føler seg bra!
Årets høgdepunkt for mange er Sør Afrika og alt vi skal gjere og oppleve der, og den kan du lese meir om under studietur.
Kva trur du blir ditt høgdepunkt? Eit år på folkehøgskule er vanskeleg å beskrive, men vi håpar å lage eit år med samhald, gode lagkameratar og opplevingar!