Loppemarknad på Sunnmøre Folkehøgskule er ein svær happening med omlag 1000 besøkande på ein hektisk laurdag føremiddag. Loppemarknaden er ein del av skulen sitt Stop Poverty-prosjekt i Tanzania.
Det er ei stor glede å få invitere folk i alle aldrar til skulen . Og når det samstundes kan gjere noko positivt for miljøet blir det dobbel glede!
I salane vil det bugne av ulike lopper som småmøbler, kle, krimskrams, kjøkkenutstyr, lampar, sportsutstyr, bøker, leiker, dukar, sengklede og mykje meir.
I tillegg til sjølve loppemarknaden kan du også kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi. Det vert rikeleg høve til ei god pauseprat i den trivelege elevmatsalen. Kanskje dukkar det også opp nokre gatemusikantar og serverer nokre godbitar?
Det vert tombola og «katta i sekken», og det blir eventyrstund med teater og musikk for borna. Det vert to framsyningar i kjellarstova på skulen.
