Les meir om linja

Film.Sunnmøre er ei ny linje med store ambisjonar. Vi håper du vil like den!

På Sunnmøre vil det vere moglegheiter for opptak i fantastiske omgjevnader gjennom eit heilt år. Du får vere med på massevis av turar rundt omkring blant spektakulære tindar og sylkvasse fjell heilt ute i havgapet. Kombinasjonen av fjell og fjord gjev kulisser som andre filmskaparar berre drøymer om. Det er ein av grunnane til at Strandafjellet Skisenter har så høg status i skifilm-miljøet.

I tillegg har du 100 medelevar rundt deg som meir enn gjerne stiller opp på det du ber dei om. Det, saman med god tid, ein gira lærar og like gira klassekameratar, gjev deg rammer som du ikkje får mange andre stadar.

I linjetimane får du undervisning som gjer deg til ein betre filmskapar. Mange filmar er gode fordi det er ei miks av bilder som er tatt akkurat i rette sekund, og bilder som er nøye planlagt. Undervisninga dekker alt frå ein god ide til ferdig resultat, og omfavnar dermed planlegging, opplæring i bruk av utstyr og etterarbeid. 

Film handlar om samspel mellom lyd og bilete. Når det gjeld bilete er klipping, trimming, looping, speedup og slowmo viktige nøkkelord, i tillegg til justering av lys og fargar, overgangar og dramaturgisk oppbygging. Når det gjeld lyd får du arbeide både med musikk, tale og lydeffekter. I tillegg er bruk av tekst ein komponent som ein vil få opplæring i.

Programma vi nyttar til redigering er i hovedsak Final Cut Pro X og Adobe Premiere Pro, i tillegg til Adobe After Effects. Som elev vil du få skulelisens til desse programma om du ikkje har det frå før. Det vil også bli kurs i undervassfotografering og dronefilming.

Det mest unike med film-tilbodet på denne linja er likevel at du får så mykje meir. For nokre veker blir du med dei andre klassene på opplegga og turane deira. Då får du i oppdrag å filme ein konsert med musikk-klassen, ei stor fotballturning med idrettsklassen eller lage eit portrett av ein skater i skatehallen. Og på våren vil du få mykje tid til å lage ein dokumentar frå ein interrailbasert rundtur i Europa.

Mykje nærare, i nabobygda Volda berre 30 km unna, er det eit stort høgskuletilbod innan Animasjon, Medieproduksjon og “Outdoor Media Production”. Nokre av dagane i skuleåret vil vi samarbeide med dem.

Til slutt: Dette er ei ny linje som vi ikkje har testa ut tidlegare. Det betyr at du får vere med å påverke innhaldet i linja ut frå dine ynskjer og interesser.

Når skuleåret er slutt er uansett målet vårt at du skal ha filma ditt beste år!