Valfag

40-50 valfag

Du kan velje mellom 40-50 valfag som alle er inkludert i skulepengane.

Du vel ulike valfag på mandagar og fredagar i fem perioder på haust og vår. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Du står sjølvsagt fritt til å velje om du vil lære noko nytt eller gjere meir av det du allereie er mest gira på. På denne måten set du saman ditt eige år.

Valfagtilbodet vil naturleg nok variere noko frå år til år, avhengig av talet på elevar, lærarsamansetjinga og interessa i elevflokken. Vi håpar du har forståing for det.

40-50 valfag

Ballspel
Det er lite som er så bra som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkameratar. Dei får du mange av i dette faget, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ballaktivitetar. 

Band / Vokal
Du utfaldar deg i samspel med andre på instrument eller vokal innanfor ei tradisjonell pop/rock-besetning. Instrumenta er til fri bruk på fritida. Kanskje blir det ein mini-konsert på deg også?

Barista
I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Chasing Light
Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, sport-, portrett-, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Dans
Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Film-klassikarar
Du ser utvalde filmklassikarar frå ulike sjangrar og tidsepokar. Etterpå diskuterer du innhald, tema og filmspråk med klassekompisane og oppdagar at du ser film på ein ny måte neste gong.

Fotball
Gjer deg klar til eit fag med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Friluftsliv/segling
Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette faget er for deg som har lyst å oppleve meir av sunnmørske fjell og hav.

Gitar
Faget er både for nybyrjarar og vidarekomne. Her lærer du sentrale akkordar og om korleis akkordar er bygde opp. Læraren er i norgestoppen som allsanggitarist – betre lærar finn du ikkje.

Golf – level 1
Faget er hovudsakleg for deg som vil ta “Veien til Golf”-kurset. Her lærer vi om reglar og trenar teknikkar (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Golf – level 2
Dette er for deg som har spelt endel tidlegare. Her jobbar du med sving, nærspel, putting og spelforståing. Du spelar på 9-holsbana til Sunnmøre GK og på klubben sin nye simulator.

Hjartevarme
Test ut om dette er noko du vil jobbe med i framtida! Du møter menneske frå ulike samanhengar, er på besøk hjå eldre og har opplegg saman med flyktningar og einslege asylsøkjar.

Hybelmat
Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Du lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du imponere som kokk til kvardag og fest.

Impro / Scene
Du vil leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv for høgtideleg!

Innovasjon / Design
Skaparhuset er for deg som likar å utforske, skape, utvikle, dele idear, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikk-lab, VR-briller og robotar. 

Frå Jord til Bord
Bli med litt vidare i kokkekunsten. Det blir hausting av frukt og bær, fermentering, sylting, behandling av fisk og partering av kjøt. Det heile avsluttast med å lage ein nydeleg kombucha-drikk.  

Klatring – level 1
Klatring i klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Klatring / buldring – level 2
I ein nye klatrehall og buldrehall vil du jobbe med bevegelsesteknikk og balanse. Du klatrar ute på nokre av dei mange sportsfelta med fokus på leding. Læraren held sjølv eit skyhøgt nivå.

Knivlaging
Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kvilepuls
Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. Her blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad
Lag ditt eige longboard. Du formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon – og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling
Du malar på lerret med akrylmaling. Du jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål
Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje indrefilet pakka i deig og steikt rett på bålet?

Maxpuls
Eit praktisk fag der du lærer å leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Gratis treningssenter 50 m frå skulen.

MMA / Nærkamp / Sjølforsvar
Du lærar grunnleggande kampteknikkar, taktikk og sjølvforsvar. Du utviklar styrke, smidighet og sjølvtillit gjennom sparring med ein tidlegare profesjonell MMA‑utøvar i treningsstudioet hans.

Parkour / Turn
Din nye leikeplass er i ein splitter ny turnhall med tumblingmatter, trampoliner og skumgrop. Her kan du jobbe inn nye triks saman med ein lærar som har vore i norgestoppen i parkour.

Piano
Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Det er mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

PR / SoMe
Du lærer å lage innhald og strategi for sosiale medier. Du jobbar med skulen eller linja di si profil. Du filmar, tek bilder, skriv innlegg og skapar engasjerande innhald frå kvardagen din.

Racket-mix
Her får du spele padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis. Faget er perfekt for deg som er glad i racket‑sportar, men ikkje vil velje berre éin. To squashbaner er til fri bruk på fritida.

Rando
Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går du på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane – så lenge forholda tillèt det.

Redesign
Du startar faget med eit besøk på gjenbrukbutikken. Her kjøper du plagg og brukte kle som du etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Du kan også jobbe med møblar, lamper og liknande.

Sjakk
Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings- og sluttspel med mål om å utvikle spelferdigheitene dine.

Skating
Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass med 500 kvadratmeter å boltre deg på! Du finn to ramper og ein street-del. Du jobbar med pushing, turning og drop‑in. Klarer du din fyrste Ollie?

Skriveverkstad
Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash
Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 m unna ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk og spilleforståelse, og framgangen ser du frå økt til økt.

Stop Poverty
Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kr. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre arbeidet.

Sweets By Cecilie
Du lagar franske makronar og andre go’saker. Du jobbar med fantasifull dekorering og eksperimenterer med smak og tekstur. Her skapar du dine eigne velsmakande meisterverk.

Terrengsykkel
10 syklar står og venter på deg som likar å utforske eit spektakulært “fjell-møter-hav”-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Læraren har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

VGS-fag
Dette er for deg som vil ta opp fag frå vidaregåande – anten for å kome inn på vidare studier eller berre for å forbetre ein eksamenskarakter. Her jobbar du sjølvstendig og i eige tempo.

Vokalgruppe
Vokalgruppa syng fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein mini-konsert.

Volleyball
Det vert fokus på teknikk, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep/forsvar. Det er eit fag der du vil sjå stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

X-fit /styrke
X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon. X-fit er god basistrening – uansett idrett.

Yoga
Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.