Loppemarknad i oktober

18.oktober 2025 er det tid for loppemarknad. Du er velkomen!

Loppemarknad på Sunnmøre Folkehøgskule er ein svær happening med omlag 1000 besøkande på ein hektisk laurdag føremiddag. Loppemarknaden er ein del av skulen sitt Stop Poverty-prosjekt i Tanzania.

Det er ei stor glede å få invitere folk i alle aldrar til skulen . Og når det samstundes kan gjere noko positivt for miljøet blir det dobbel glede!

I salane vil det bugne av ulike lopper som småmøbler, kle, krimskrams, kjøkkenutstyr, lampar, sportsutstyr, bøker, leiker, dukar, sengklede og mykje meir.

I tillegg til sjølve loppemarknaden kan du også kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi. Det vert rikeleg høve til ei god pauseprat i den trivelege elevmatsalen. Kanskje dukkar det også opp nokre gatemusikantar og serverer nokre godbitar?

Det vert tombola og «katta i sekken», og det blir eventyrstund med teater og musikk for borna. Det vert to framsyningar i kjellarstova på skulen.