Studieturar

Tanzania / Sør-Afrika / Midtausten / Marokko / Egypt

Sunnmøre har det meste! Eigentleg treng du ikkje meir, men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet.

Du kjem til stadar og får møte menneske du vanskeleg kan oppsøke åleine. Uvitenhet og fordommar blir utfordra og erstatta med forståing og empati. Dette er læring. Det er difor vi reiser i folkehøgskulen. 

Tanzania

I Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv

I den vesle landsbyen Ilula vil du bli kjent med skulen sin Stop Poverty-partner. Her får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-stamme før opphaldet blir avslutta med at klassen i smågrupper besøker kvar sin vertsfamilie. Då får du tilbringe ein dag på landsbygda hos ei familie som bur i jordhus med stråtak og lager maten sin på bål. Dette er kvardagen for dei, og ei heilt uvanleg oppleving for deg.

På studieturen får du sjølvsagt oppleve ein storslått safari med løver og elefanter i Mikumi nasjonalpark.

For Musikk.Friluft avsluttast opphaldet i Tanzania med djembekurs, azurblått hav og kritkvite strender på Zanzibar. For Global.Safari fortsetter turen til Lushoto der det er fokus på det verdsvide Peacemaker-arbeidet, før ferda går vidare til Sør-Afrika.

Sør-Afrika

Cape Town har alt; natur, religion, kultur, historie, mat, menneskemøter og ekstremsportaktivitetar.

Sør-Afrika er for mange det ultimate reisemålet. Cape Town er lokalisert på sør-vestspissen av det afrikanske kontinentet, mellom Det indiske hav og Atlanteren. Byen er gjennom århundra ein stoppestad på reisa mellom Europa og Asia. Sørpolen er berre ei lang båtreise unna.

På denne turen vil fokuset til dømes vere på apartheid, globalt medborgarskap og aktivitetar som workshops, fallskjermhopp, surfing, golf, safari og verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Det er også tid til eit vertsfamiliebesøk med overnatting og ein tur innom fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island.

Fleire ulike linjer reiser til Sør-Afrika. Innhaldet vil variere litt frå linje til linje og du finn meir info om turopplegga på dei ulike linjesidene.

Midtausten

Møtet med Midtausten er eit møte med menneske frå det okkuperte Palestina som arbeider for rettferd og fred.

Vi får innblikk i historie og den politiske situasjonen, men mest av alt eit møte med dei som bur der – menneske som på ulike måtar er ramma av konflikten og okkupasjonen. Vi har tidlegare reist til Israel/Palestina, men på grunn av krigen har vi det siste året reist til nabolandet Jordan. Der har vi fått besøk av våre palestinske vener og samarbeidspartnerar og på den måten fått fyrstehandskjennskap til kva som skjer i Gaza og Vestbredden.

I Jordan besøker vi oldbyen Petra, bader i Dødehavet, er på hike med beduinar og kanskje får du sove under open himmel i ørkenen. Det endelege reisemålet for skuleåret 2026-27 blir bestemt i samråd med UD sine reiseråd. 

Les meir om turen på linjesida til Global.Safari

Marokko

Surfecamp i Taghazout, dykkarkurs i Tanger og klatring i Atlas-fjella

På den 15 dagar lange studieturen til Marokko ventar fyrst ei veke på surfecamp. Taghazout er verdskjend for sine mange spots og leverer god stemning uavhengig av nivå. Du får også dagar med sanddyne-surf, deep-water soloing, snorkling og juving.

I Atlas-fjella nær Sahara-ørkenen ventar klatring og fjellturar opp mot 2500 moh. Opphaldet i Marokko avsluttast med eit Padi Open Water-dykkarkurs som lar deg dykke med oksygen ned til 18 meter. Det skjer i Tanger med god temperatur i sjøen og deilige 20-25 grader i lufta.

Les meir om turen på linjesida til SjøSnøSurf

Egypt

Egypt har dykking i verdsklasse.

I Sharm el Sheikh ved Rødehavet finn du Maldiviene-lignande strender, krystallklart vatn, fleire titalls dykkerspots med korallrev og ein vatntemperatur på 25-30 grader. Du vil få dagar med snorkling og dykking med luft. Du får også eit internasjonalt godkjent «PADI Open Water Diver»-sertifikat som gjer det mogleg å dykke med oksygen på eigahand.

Reisemålet kan bli endra som følge av den politiske situasjonen eller andre grunnar. 

Les meir om turen på linjesida til Alarm.Beredskap