På Sunnmøre finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpar og Runde Fyr. Legg vi til at Via Ferrata Loen og surfespot’n Hoddevika berre ligg halvannen time unna, forstår du at di nye leikegrind har det meste å by på.
Ulsteinvik er ein liten bygdeby som har blitt kåra til den mest attraktive tettstaden i landet. Her bur det 8000 innbyggarar og det er eit handelssenter for eit område med 25.000 mennesker. Her finn du det aller meste av det du treng. Pluss ein god del til.
Treningsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane, har Ulsteinvik sannsynlegvis Norges beste miks av splitter nye idrettsanlegg. Rett ved skulen finn du ein turnhall, padelhall, buldrehall, innendørs fotballhall, ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland pluss ein av Norges største friidrettshallar. Her er også ein sykkelbane med flytstiar og ein fin 9-hols golfbane med ein avansert golfsimulator og ein 18-hols fotballgolfbane.
Fly/buss
Ulsteinvik er utanfor allfarveg. Heldigvis! Men byen er ikkje lengre unna enn at du kjapt kjem deg dit du vil. Du kan flyge med SAS og Norwegian frå Ålesund som ligg 50 min frå skulen. Enda nærare er Widerøe sine avgangar frå Ørsta-Volda. Den flyplassen er berre ein knapp halvtime unna. I tillegg går det to daglege bussavgangar frå Ulsteinvik til dei store byane i Sør-Norge.
Oppsummert: Velkomen til Ulsteinvik.
Velkomen til noko vilt, vakkert og ekte!