Personleg Trenar

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

GIRA PÅ PT-UTDANNING – OG I TILLEGG FÅ 30 STUDIEPOENG?

På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning. Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar dette 60 000 kr. Du får det inkl. i linjekostnadane

Innhald
I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Trening
Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter. For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.

Folkehøgskuleår
Og du får meir: Saman med andre linjer får du ballspel, surfing, RIB, vannsport, klatring, Via Ferrata og toppturar på ski og til fots i kvasse Sunnmørsalpar. I november venter ein treningsleir i varmare strøk med massevis av workshops. I sum får du dermed det beste av trening og eit folkehøgskuleår. 

Kompetanse
Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng.

Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Linjeinnhald

  • PT-sertifisering
  • 30 studiepoeng
  • Programdesign
  • Treningsmetodar
  • Treningslære
  • Ernæring
  • Anatomi
  • Fysiologi
  • Bevegelighet
  • Skadeforebygging
  • Baseøvingar
  • Utholdenheit
  • Mental trening
  • Treningssenter
  • Crossfit
  • Ballspel
  • Surfing
  • RIB
  • Vannsport
  • Klatring
  • Via Ferrata
  • Rando-turar
  • Strandafjellet Skisenter
  • Sunnmørsalpane

Les meir om linja

Laster...

Film

Denne linja startar opp hausten 2026. Vi har difor ikkje klar ein film enno. I mellomtida kan du møte Andrea som har blitt PT gjennom AFPT. 

video

Bilde

Studietur

Når mørkret og kulda kjem i november dreg du på treningsleir til sol og varme.

Sunnmøre kan by på mange fantastiske naturopplevingar, men akkurat november måned er ikkje 10/10 på Vestlandet. Då dreg du i staden på treningsleir ein eller anna stad der temperaturen er høgare og der sola sørger for rikeleg med tilførsel av D-vitaminar. Dette blir dagar med mykje trening, ulike workshops og bunnsolid fagleg påfyll. 

Sidan dette er ei ny linje er reisemålet for studieturen ikkje heilt bestemt enno, men både Spania og Egypt kan vere aktuelle lokasjoner. Uavhengig av reisemål blir det uansett dagar spekka med linjeinnhald og fellesskapsopplevinger. Alle kostnadane til turen er inkludert i skulepengane. 

Lærar

Du vil møte tre lærarar på linja som alle på ulik måte vil følge deg opp i løpet av året.

To av dei er sjølv Personleg Trenar og jobbar i dag som kursholdarar i PT-bransjen. Dei sørger for at du blir oppdatert på dei best dokumenterte treningsmetodane og den nyaste forskninga.

Sunnmøre Folkehøgskule er den einaste folkehøgskulen AFPT har eit samarbeid med. Det er på grunn av linja sitt høge faglege nivå at det også har eit samarbeid med Høgskulen i Volda der du kan ta 30 studiepoeng rett etter skuleslutt. 

Sosiale medier

Instagram icon @ptsunnmorefhs
Instagram icon @ptsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2025/26 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 151 690,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2026/27 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.