MUSIKK.FRILUFT

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris
MUSIKK FEAT. FRILUFT – MIKSA MED TANZANIA

På denne linja møter du andre som er akkurat som deg: Gira folk som vil ha mest mogleg musikk, men ikkje nødvendigvis alle dagar. Dei dagane sola skin pakkar du heller tursekken og utforskar Sunnmøre. Eller Tanzania/Zanzibar for den saks skuld.

Musikk
For å ta ein ting av gongen: Dei fleste dagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her utviklar du deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions. 

Du vil lære meir om låtskriving, vokalteknikk, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk når låta di skal spelast inn. På skulen sin musikal kan du stå på scena, spele i band eller jobbe med lyd/lys foran 2500 tilskodarar. Det blir også konsertar, artistmøter og undervisning av ein songpedagog. 

Friluft
På go’versdagar får du likevel så mykje meir. Då blir du gira av kajakk, ski, surfing, klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. Det krydrar kvardagen og du testar deg på nye områder.  

Afrika
Høgdepunktet for mange blir likevel turen til Tanzania. Då får du sterke menneskemøter i ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari kjem du skummelt tett på løver og elefantar før opphaldet avsluttast med djembekurs, krittkvite strender og azurblått hav på Zanizibar.

Dette er som sagt eit år der Musikk feat. Friluft – miksa med Tanzania.
Det vil du vel ikkje gå glipp av?

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
 

Linjeinnhald

  • Tanzania
  • Zanzibar
  • Huskonsertar
  • Studioarbeid
  • Låtproduksjon
  • Jamsessions
  • Band
  • Samspel
  • Låtskriving
  • Sangteknikk
  • Vokalteknikk
  • Besifring piano/gitar
  • Musikal
  • Kor/vokalgruppe
  • Rytmelære
  • Høyrelære
  • Loop pedal
  • Surfing
  • Toppturar
  • Ski/brett
  • Grottevanding
  • Klatring
  • Kajakk
  • Via Ferrata
  • RIB
  • Vannsport
  • Hengekøyecamp

Les meir om linja

Laster...

Film

Musikk på 1-3-5

Har du eit 1:35 minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Men hugs: du må oppleve det for å forstå det, du må vere her for å få det!

video

Bilde

Magiske sekund. Venner for livet

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instagram (@musikksunnmorefhs).

Studietur

I Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv

I den vesle landsbyen Ilula vil du bli kjent med skulen sin Stop Poverty-partner. Her får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-stamme før opphaldet blir avslutta med at klassen i smågrupper besøker kvar sin vertsfamilie. Då får du tilbringe ein dag på landsbygda hos ei familie som bur i jordhus med stråtak og lager maten sin på bål. Dette er kvardagen for dei, og ei heilt uvanleg oppleving for deg.

På studieturen får du sjølvsagt oppleve ein storslått safari med løver og elefanter i Mikumi nasjonalpark før ophaldet avsluttast med djembekurs, azurblått hav og kritkvite strender på Zanzibar. 

Tanzania er eit nytt reisemål for Musikk.Friluft frå om med hausten 2026, men linja Global.Safari har reist dit i mange år allereie. Under kan sjå litt film og bilete frå deira tur. 

video

Lærar

Håvard Kopperstad Funderud
Håvard er ein sportsidiot som vart eit musikkgeni. Løpeskoa og langrennskia er halvveis lagt bort og no er han i staden musikklærar på heiltid og frilansmusikar på deltid. Håvard bles like hardt i trombona som orkanar bles på Vestlandet og han er rå når han gir flat loop-pedal. 

Sosiale medier

Instagram icon @musikksunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2025/26 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 151 690,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2026/27 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.