Denne linja passer perfekt for deg som likar allslags ballsport og gira lagkameratar. Her blir det fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket, innebandy, ishockey, golf, fotballgolf og frisbeegolf. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis.
Du får meir: Du får surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter på leirdue og i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.
Fantastiske treningsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (500 kr for eit heilt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland.
Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar, køyrer ATV og opplever ein dag på Safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. I Cape Town får du ein miks av sterke menneskemøter og meiningsfylte prosjekt blant fattige i townshipen. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.
Eigentleg er det ikkje noko å lure på. Berre pakk treningsbagen og gjer deg klar!
Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
