BUTRENING.AKTIVITET

Post bilde

Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen.

For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit.

På Butrening.Aktivitet får du tilpassa undervisning i trygge omgjevnadar. Du trenar på å bu åleine, er saman med andre ungdomar og får prøve ut eit mangfald av aktivitetar. Vi trur at du saman med oss vil oppleve meistring og glede og at du vil oppdage sterke sider ved deg sjølv.

Saman får vi utrulege ting til å skje!