BO.AKTIV

Linjeinnhald / Film / Bilde / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen.

For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit i ulike situasjonar.

På Bo.Aktiv får du undervisning i trygge omgjevnadar i eit stort felleskap. Du trener på å bu åleine, er saman med andre ungdomar og får prøve ut eit  mangfald av aktivitetar. Du set deg eigne mål og undervisninga blir tilpassa deg.

Vi trur at du saman med oss vil oppleve meistring og glede, og at du vil oppdage nye sterke sider ved deg sjølv. Saman får vi utrulege ting til å skje!

Her kan du lese ein eigen informasjonsfoldar for Bo.Aktiv-linja

Linjeinnhald

  • Spania
  • Treningsleilighet
  • Bofellesskap
  • Friluftsliv
  • Mat/helse
  • Turplanlegging
  • Veiledningssamtalar
  • Film/foto
  • Nettvett/telefonbruk
  • Scenetrening
  • Personleg økonomi
  • Musikk
  • Drama/stemmebruk
  • Kunst/handverk
  • Personleg hygiene
  • Konfliktløysing
  • Rom-/klevask
  • Bedriftsbesøk
  • Museumsbesøk
  • Skuleutveksling
  • Innsamlingsaksjon

Les meir om linja

Laster...

Slik går du fram i søkjeprosessen

Laster...

Film

Bo.Aktiv på 2-0-7

Har du 2:07 minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Men hugs: du må oppleve det for å forstå det, du må vere her for å få det!

video

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av det som skjer på linja. Du finn fleire på instragram (@boaktivsunnmorefhs) og på linja sine facebooksider.

Studietur

Bo.Aktiv reiser som dei andre linjene på utlandstur dei to fyrste vekene i november.

Reisemålet har variert i dei seks åra vi har hatt linja, og vi har vore både til Spania, Sør-Afrika og Gran Canaria. Vi ynskjer å bli betre kjent med klassa og den enkelte elev før vi bestemmer reisemål, slik at vi er sikre på at vi får ein godt tilrettelagt tur som passar for alle som skal vere med.

Å reise på utlandstur saman er veldig bra for klassemiljøet, og vi lærer mykje gjennom å møte ny kultur, ny mat, nytt språk, ny valuta og nye menneske. Når du kjem heim, er du ikkje heilt den same. Du har lært mykje nytt og fått minner for livet.

Spania

Laster...

Lærar

Verdas beste trio
Bo.Aktiv har ikkje berre ein lærar. Her er alle gode ting tre. Beate, Vegard og Ingfrid sørger for at stemninga er god, at undervisninga er enno bedre og at skuleåret vert så bra som mogleg.

Sosiale medier

Instagram icon @boaktivsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2025/26 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 151 690,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2026/27 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.