Alarm.Beredskap

Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Lærar / Sosiale medier / Pris

NOKRE TRENAR FOR GØY. ALARM.BEREDSKAP TRENAR FOR Å REDDE LIV!

På denne linja får du mykje blålys-erfaring. Du får sjå korleis politiet gjer krimtekniske undersøkingar, du er med på søk/redning med Redningsskøyta, du lærer om frigjering av fastklemte i bilvrak og om skadestadleiing. Det blir trening i samband/kommunikasjon og møte med 110-sentralen og Politiets operasjonssentral. 

Kompetanse
Du kan ta ulike brannmanntestar og røykdykkarkurs som gjer at du kan få jobb som brannmann. Du får formell kompetanse innan klatring, padling og førstehjelp. Du lærer å redde folk i vatnet og på isen og du rappellerer deg ned til skadde i fjellveggen. Det blir badevaktkurs og båtførarprøve. Du får prøve deg på skytebane, tester fysikk og psyke på Sjøkrigsskolen og er med på ein fire døgn lang øvelse i Sunnmørsfjella med lite mat og lite søvn.

Trening
På linja vil du få målretta trening ut fra dine eigne mål, anten det er å bestå ulike styrke-/løpstestar til ein blålys-etat eller å førebu deg til fyrstegongstjenesten. Difor er trening ein viktig del av linja nesten kvar dag.

Eit stort treningssenter står til fri disposisjon 50 m frå skulen. Du har også tilgong til klatrehall og badeland. I studioet til ein tidlegare profesjonell MMA-utøvar lærer du nærkamp og sjølvforsvar.

Studietur
Egypt har dykking i verdsklasse. I Sharm el Sheikh ved Rødehavet finn du Maldiviene-lignande strender og eit titalls dykkarspots med korallrev. Her tek du dykkersertifikatet og testar ut fridykking – i tillegg til daglege treningsøkter.

Eigentleg er det berre å pakke gymbagen og gjere deg klar! Klar til å sjå om du har det som trengs…

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Linjeinnhald

  • Egypt
  • Dykkarsertifikat (Padi)
  • Operasjon Sjøkrigsskolen
  • Røykdykkerkurs
  • Opplæring av blålysetatar
  • MMA/Nærkamp/Sjølforsvar
  • Stort treningssenter
  • Brann/Redning
  • Samband/kommunikasjon
  • Krimtekniske undersøkingar
  • Redning fra bilvrak
  • Skadestad-leiing
  • 110-sentralen
  • Politiets operasjonssentral
  • Førstehjelp (urban/alpin)
  • Klatrekurs (brattkort)
  • Padlekurs (våttkort)
  • Båtførarprøven
  • Badevaktkurs
  • Skytebane
  • Via Ferrata
  • RIB-køyring
  • Surfing Hoddevika (Stad)
  • Topptur Sunnmørsalpane
  • Strandafjellet Skisenter

Les meir om linja

Laster...

Bilde

Magiske sekund. Venner for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Her har du nokre smakebitar på kva som ventar deg på Alarm.Beredskap.

Film

Har du nokre sekund?

Her kan du sjå litt av det linja har å by på. 

video

Studietur

Egypt har dykking i verdsklasse.

I Sharm el Sheikh ved Rødehavet finn du Maldiviene-lignande strender, krystallklart vatn, fleire titalls dykkerspots med korallrev og ein vatntemperatur på 25-30 grader.

Du vil få dagar med snorkling og dykking med luft. Du får også eit internasjonalt godkjent «PADI Open Water Diver»-sertifikat som gjer det mogleg å dykke vidare på eigahand.

video

Røykdykkarkurs

Laster...

Operasjon Sjøkrigsskolen

Laster...

Lærar

Tim Sepp
Tim er ein svensk superhelt og profesjonell brannmann. Han er klar på 1-1-3 når han høyrer ordet trening, og på hans Tim-plan står styrketrening, kickboxing, MMA og svømming. Tim er «jättenögd» når han får sin daglege dose med kaffe, blodslit og blålys-action.

Sosiale medier

Instagram icon @alarmberedskapsunnmorefhs

Pris

Kostnadar skuleåret 2026-2027
Felleskostnadar

Innmeldingspengar:
kr 2 900,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 95 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 18 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom)
kr 115 900,-

For skuleåret 2025/26 gjev Statens Lånekasse fullt stipend og lån i 10 månader på kr 151 690,- (www.lanekassen.no). Oppjusterte tall frå Lånekassen for 2026/27 kjem så snart dei er klare.

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Linjetillegg, inkludert utlandsturar

 

Musikk.Friluft kr 37 000,-
Idrett.Ball kr 37 000,-
Global.Safari kr 71 000,-
Alarm.Beredskap kr 47 000,-
Golf.Idrett kr 49 000,-
Multisport kr 47 000,-
SjøSnøSurf kr 47 000,-
Personleg Trenar kr 47 000,-
Bo.Aktiv * kr 37 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.