Alarm.Beredskap / Musikk.Friluft / Golf.Idrett / Idrett.Ball / Global.Safari / SjøSnøSurf / Multisport / Personleg Trenar / Bo.Aktiv / Leiartrening / Halvårskurs

Alarm.Beredskap

NOKRE TRENAR FOR GØY. ALARM.BEREDSKAP TRENAR FOR Å REDDE LIV!

På denne linja får du mykje blålys-erfaring. Du får sjå korleis politiet gjer krimtekniske undersøkingar, du er med på søk/redning med Redningsskøyta, du lærer om frigjering av fastklemte i bilvrak og om skadestadleiing. Det blir trening i samband/kommunikasjon og møte med 110-sentralen og Politiets operasjonssentral. 

Kompetanse
Du kan ta ulike brannmanntestar og røykdykkarkurs som gjer at du kan få jobb som brannmann. Du får formell kompetanse innan klatring, padling og førstehjelp. Du lærer å redde folk i vatnet og på isen og du rappellerer deg ned til skadde i fjellveggen. Det blir badevaktkurs og båtførarprøve. Du får prøve deg på skytebane, tester fysikk og psyke på Sjøkrigsskolen og er med på ein fire døgn lang øvelse i Sunnmørsfjella med lite mat og lite søvn.

Trening
På linja vil du få målretta trening ut fra dine eigne mål, anten det er å bestå ulike styrke-/løpstestar til ein blålys-etat eller å førebu deg til fyrstegongstjenesten. Difor er trening ein viktig del av linja nesten kvar dag.

Eit stort treningssenter står til fri disposisjon 50 m frå skulen. Du har også tilgong til klatrehall og badeland. I studioet til ein tidlegare profesjonell MMA-utøvar lærer du nærkamp og sjølvforsvar.

Studietur
Egypt har dykking i verdsklasse. I Sharm el Sheikh ved Rødehavet finn du Maldiviene-lignande strender og eit titalls dykkarspots med korallrev. Her tek du dykkersertifikatet og testar ut fridykking – i tillegg til daglege treningsøkter.

Eigentleg er det berre å pakke gymbagen og gjere deg klar! Klar til å sjå om du har det som trengs…

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Musikk.Friluft

MUSIKK FEAT. FRILUFT – MIKSA MED TANZANIA

På denne linja møter du andre som er akkurat som deg: Gira folk som vil ha mest mogleg musikk, men ikkje nødvendigvis alle dagar. Dei dagane sola skin pakkar du heller tursekken og utforskar Sunnmøre. Eller Tanzania/Zanzibar for den saks skuld.

Musikk
For å ta ein ting av gongen: Dei fleste dagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her utviklar du deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions. 

Du vil lære meir om låtskriving, vokalteknikk, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk når låta di skal spelast inn. På skulen sin musikal kan du stå på scena, spele i band eller jobbe med lyd/lys foran 2500 tilskodarar. Det blir også konsertar, artistmøter og undervisning av ein songpedagog. 

Friluft
På go’versdagar får du likevel så mykje meir. Då blir du gira av kajakk, ski, surfing, klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. Det krydrar kvardagen og du testar deg på nye områder.  

Afrika
Høgdepunktet for mange blir likevel turen til Tanzania. Då får du sterke menneskemøter i ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari kjem du skummelt tett på løver og elefantar før opphaldet avsluttast med djembekurs, krittkvite strender og azurblått hav på Zanizibar.

Dette er som sagt eit år der Musikk feat. Friluft – miksa med Tanzania.
Det vil du vel ikkje gå glipp av?

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
 

Golf.Idrett

FÅ EIN PERFEKT MIKS AV MASSE GOLF, ULIKE IDRETTAR OG TUR TIL SØR-AFRIKA OG EUROPA!

På denne linja vil du spele på ulike baner på Sunnmøre på haust og vår. I tillegg speler du i Sør-Afrika i november og på treningsleir i Europa på våren. Her får du svinganalyse av ein lærar med 0,8 i handicap som ynskjer å formidle golfglede, anten du er ein fersk eller erfaren spelar.

Heimebane
På Sunnmøre GK si 9-holsbane har du gratis spelerett og du har fri tilgong til klubben sin nye Trackman simulator. Bana ligg berre eit langt utslag frå skulen. Her kan du spele så myke du vil på fritida. Om du ynskjer meir speletid kan du også ha golf valfag. Legg du til speling i helgar og på kveldstid, vil du garantert få nok golf til å utvikle deg.

Meir enn golf
Utanfor golfsesongen vil du vere saman med linja Idrett.Ball. Då får du ulike ballspel, surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider, trene så mykje du vil på treningssenter og mykje anna.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du spele på nokre fantastiske golfbaner. Du får høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar og er sjølvsagt ein dag på Safari. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.

Treningsleir
Det blir også ei veke på treningsleir på våren. Det er ikkje bestemt kor denne det blir, men dei siste åra har linja vore i Polen eller Spania. 

Eigentleg er vel saken er klar?
Berre pakk golfbagen og kom!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.

Idrett.Ball

Idrett.Ball satser høgt. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit år med sigrar, tap og garderobestemning.

Denne linja passer perfekt for deg som likar allslags ballsport og gira lagkameratar. Her blir det fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket, innebandy, ishockey, golf, fotballgolf og frisbeegolf. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis.

Du får meir: Du får surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter på leirdue og i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.

Fantastiske treningsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (500 kr for eit heilt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland. 

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar, køyrer ATV og opplever ein dag på Safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. I Cape Town får du ein miks av sterke menneskemøter og meiningsfylte prosjekt blant fattige i townshipen. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.

Eigentleg er det ikkje noko å lure på. Berre pakk treningsbagen og gjer deg klar!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Global.Safari

OPPLEV VERDA – REIS MED HJARTET!
BLI MED TIL TANZANIA, SØR-AFRIKA OG JORDAN

Linja er i stor grad bygd opp rundt to lengre studieturar. I oktober/november reiser du fire veker til Tanzania/Sør-Afrika og i februar ventar Midtausten.

Tanzania
I landsbyen Ilula får du sterke menneskemøter og der treffer du skulen sin Stop Poverty-partner. Då får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari i Mikumi kjem du skummelt tett på løver og elefantar og på Bongoyo får du bade på kritkvite strender i azurblått hav.

Sør-Afrika
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Soweto, Pietermaritzburg, Durban og Cape Town. Du lærer om utfordringane Sør-Afrika har etter Apartheid, men det blir også tid til meir. Om du vil, kan du teste ut Big Rush Rope Swing i Durban, surfing i Det Indiske hav og oppleve ditt fyrste fallskjermhopp.

Midtausten/Jordan
Her får du besøke skulen sine palestinske venner og samarbeidspartnerar. På den måten får du fyrstehandskjennskap til kva som skjer i Gaza og Vestbredden. I Jordan besøker du også oldbyen Petra, bader i Dødehavet, rir på kamel, er på hike med beduinar og kanskje får du sove under open himmel i ørkenen. 

Sunnmøre
Heime i Norge får du det beste av Sunnmøre. Då blir det god tid til ski, surfing, kajakk, klatring, grottevandring og mykje anna. Du vil overnatte i hytte, hengekøye og lavvo. Du bør difor like å vere ute. 

Innsikt
Kort sagt: Dette vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv. 

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

SjøSnøSurf

GO WEST, GO WILD!
FÅ SURFING I HODDVIKA OG MAROKKO!

Vestlandet lovar deg skikkelig uvêr og nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du på rett plass. For dette er ei linje med eit hav av freistingar. På vindfulle dagar får du massevis av action i ein RIB-båt med 300 hestekrefter eller på ein av dei mange dagane i surfespot’n Hoddevika.

Di nye leikegrind
På go’versdagar venter klippehopp, dødsing, vannski, wakebord, fridykking, seglregatta, havfiske, grottevandring, kajakk, buldring, klatring, solodøgn, fjellturar og mykje meir. Du overnattar under open himmel, i båt, hengekøye, lavvo, telt, hytte og snøhole.

På vinteren får du snø. Masse snø! Det blir toppturar i urørte fjellsider som stuper rett ned i havet. Du får skredopplæring og mange dagar med rando-turar i bratte Vestlandsfjell. På Strandafjellet Skisenter ventar jibbing i parken eller frikøyring i laussnøen. 

På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kr for eit heilt skuleår. 

Marokko
På den 15 dagar lange studieturen til Marokko ventar fyrst ei veke på surfecamp. Taghazout er verdskjend for sine mange spots og leverer god stemning uavhengig av nivå. Du får også dagar med sanddyne-surf, deep-water soloing, snorkling og juving. I Atlas-fjella nær Sahara-ørkenen ventar klatring og fjellturar opp mot 2500 moh. Opphaldet i Marokko avsluttast med eit Padi Open Water-dykkarkurs som lar deg dykke ned til 18 meter.

Det er på slike dagar du tenker: “For eit år det skal bli!”

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.

Multisport

PÅ MULTISPORT VERT DU KOMFORTABEL LANGT UTANFOR KOMFORTSONA!
HER FÅR DU EIT ÅR MED SPORTSPREGA FRILUFTSLIV

På denne linja ferdast du i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og kjenner på kreftene i storhavet på eit surfebrett i Hoddevika . Du heng i klatrehallar og ute på sporsklatrefelt, du går Via Ferrata, sykler på flytstiar på fjellet og opp Trollstigen, du testar elv- og grottevandring, padlar kajakk, fridykkar og står på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk.

Pudderjakt
Store deler av vinteren jaktar du urørte fjellsider i bratte vestlandfjell. Du lærer turplanlegging og får skredopplæring. Du køyrer djupare laussnø enn nokon gong før på Strandafjellet Skisenter og avsluttar skisesongen i båt inn vakre Hjørundfjorden med ein “tind-til-tare”-tur. Det betaler utanlandske turistar titusener av kroner for å oppleve.  

Trening
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kr for eit heilt skuleår. 

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du høg puls i fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m. Du surfar, syklar flytstiar, får beach-aktivitetar og opplever ein dag på safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. På Robben Island besøker du fengselscella til Nelson Mandela.

Din tur
Heime igjen ventar meir fjell og meir natur. Rundt leirbålet på kvelden finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar med gode klassekameratar. Middagen lager du på bålet og du sovnar mett, sliten og tilfreds i hengekøya under ein open stjernehimmel.

I morgon ventar ein ny fullspekka dag!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Personleg Trenar

GIRA PÅ PT-UTDANNING – OG I TILLEGG FÅ 30 STUDIEPOENG?

På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning. Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar dette 60 000 kr. Du får det inkl. i linjekostnadane

Innhald
I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Trening
Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter. For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.

Folkehøgskuleår
Og du får meir: Saman med andre linjer får du ballspel, surfing, RIB, vannsport, klatring, Via Ferrata og toppturar på ski og til fots i kvasse Sunnmørsalpar. I november venter ein treningsleir i varmare strøk med massevis av workshops. I sum får du dermed det beste av trening og eit folkehøgskuleår. 

Kompetanse
Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng.

Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida. 

Bo.Aktiv

DET ER GODT Å HA EKSTRA STØTTE NÅR DU SKAL PRØVE NOKO NYTT I KVARDAGEN

For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit i ulike situasjonar.

På Bo.Aktiv får du undervisning i trygge omgjevnadar i eit stort felleskap. Du trener på å bu åleine, er saman med andre ungdomar og får prøve ut eit  mangfald av aktivitetar. Du set deg eigne mål og undervisninga blir tilpassa deg.

Vi trur at du saman med oss vil oppleve meistring og glede, og at du vil oppdage nye sterke sider ved deg sjølv. Saman får vi utrulege ting til å skje!

Her kan du lese ein eigen informasjonsfoldar for Bo.Aktiv-linja

Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lengre ned på sida. 

Leiartrening

DU HAR SLÅTT DET FAST ALLEREIE: DET HELD IKKE MED BERRE EIT ÅR. DU VIL HA MEIR!

Du vil vere andreårselev – eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen. Dette er eit år med fokus på  teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar. Som ven og  rettleiar kjem du tett på elevar og tilsette.

Du vil få medansvar for det sosiale skulemiljøet og får oppgåver knytt opp mot den praktiske skulekvardagen. Av den grunn betaler du ikkje skulepengar. På denne linja vil søkjarane bli intervjua og det er begrensa plassar.

Halvårskurs

NÅR DET HALVE KAN VERE NOK…

For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du både blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet, samtidig som du får fagleg utvikling. Det er også greit å vite at du får støtte frå Lånekassen til halvårskurs. 

Sjå folkehogskole.no for meir info om dei ulike linjene.

Idrett.Ball – vår
Multisport – vår
SjøSnøSurf – vår
Global.Safari – vår
Musikk.Friluft – vår
Alarm.Beredskap – vår
Alarm.Beredskap – haust
Musikk.Friluft – haust
Global.Safari – haust
SjøSnøSurf – haust
Multisport – haust
Idrett.Ball – haust