Elevtreff i oktober

Post bilde

På Sunnmøre Folkehøgskule er du alltid velkomen!

Nokre dagar i året er du og medelevane dine særskild velkomne. Det er når vi har elevtreff. Det bruker vi å ha fyrste helga i haustferien. I 2019 er datoane fredag 4. til søndag 6. oktober.

Da ynskjer vi velkommen til deg som gjekk her skuleåret 13/14, 15/16 og 18/19.
Program:

Fredag 4. oktober:

19.00            Kveldsmat
20.30            Øystein inspektørs SUFH-nytt i Amfi
21.00            Sangstund i kapellet
ca.21.45      Svelekos i matsalen: Per-Bernt

Uformelt samvær i salongane og i kjellaren / øving til programkveld laurdag. Alle kull vert oppfordra til å bidra med innslag til festkvelden laurdag!

Laurdag:  

09.00             Frukost
10.00             Morgonsamling i Amfi
11.00             Aktivitetar (ballspel i Ulsteinhallen, tur i nærmiljøet, bading i Ulsteinbadet, kafetur mm)
15.00             Laurdagsgraut
16.45             Kaffe + kaker
17.00             Kullsamlingar
19.30             Middag
21.00             Programkveld med kullinnslag

Kveldskos med snacks

Søndag:

09.30             Frukost
10.00             Rydding
10.30             Samling i kapellet
13.00             Middag m /kaffi

Betaling av helga skal skje ved ankomst!

Ta med sovepose og liggeunderlag. Gymkle til volleyball/fjelltur.