Saman med andre jobbar du med å skrive, utvikle, produsere og spele inn eigne låtar. I det nye studioet lærer du meir om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Kanskje vil resultatet havne på Spotify, Tidal eller Urørt?
På studieturen i november reiser klassa di til London. Der møter du dei nyaste trendane i musikkbransjen, samtidig som du får oppleve heftig storbypuls og hente inspirasjon til eige arbeid.
Denne linja har ein del av undervisninga i lag med ei anna musikklinje, og tilbake på skulen dannar de ulike band og har felles konsertframsyningar. I januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.
Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk.
Resten er opp til deg sjølv.