Tanzania

I november er det tur til Tanzania i tre-fire veker.

I møte med ulike lokale samarbeidspartnerar får du oppleve øst-afrikansk kultur, du får innblikk i arbeidet deira med å stoppe ekstrem fattigdom, men også kunsten å leve saman i fred som kristne og muslimar. Det meste av dette skjer i direkte kontakt med barn og unge.

Global Safari vil heilt sikkert besøkje Ilula, men må mest sannsynleg velje mellom Lushoto og Moshi pga tid.

Tanzanianske stemmer og organisasjonar

  • Ilula YWCA (KFUK) & Ilula Orphan Program
  • Lushoto Youth Peace Makers (KFUK-KFUM Lushoto)
  • Irente School For The Blind, Lushoto
  • Godfrey Walalaze i Lushoto
  • Mamkwe Godbless og Neema Alex i Moshi
  • Upendo Means Love på Zanzibar

Dar-es-Salaam
Storbyen Dar-es-Salaam er på reisa vår mest eit knutepunkt som vi kjem til og reiser frå. Vi tek oss tid til ein dag på paradisøya Bongoyo Island. Besøk på Slipway med  marked, butikkar og spisestader, i tillegg til seminaret ”Tanzania for Dummies”.

Ilula
Ilula YWCA og Ilula Orphan Program er Sunnmøre Folkehøgskule sine Stop Poverty-partnerar. Når vi er der, får vi sjansen til å bli kjent med alle som jobbar for eller er ein del av  arbeidet for å skape ”a new standard of living for the Tanzanian community”. Vi møter barn og unge og prøver forstå deira liv og deira utfordringar.

I møte med dei gir vi av oss sjølve gjennom sang, dans, informasjon og samtale, og gjer det vi kan for å rive ned kulturelle og språklege barrierar mellom oss.

Sist men ikkje minst, vert vi ambassadørar for og bindeledd mellom vår folkehøgskule og Ilula KFUK/Ilula Orphan Program.

Sunnmøre Folkehøgskule samlar kvart år inn mange hundre tusen kroner til Ilula, og det vi tek med oss heim av opplevingar, informasjon og inspirasjon er veldig viktig og nyttig for heile skulen vår.

Som ein del av opphaldet i Ilula, besøkjer vi også Maasai-høvdingen Naftali i Mtandika mellom Ilula og Mikumi.

Mikumi
Vi er i Mikumi eit par dagar på turen. Her har vi kviledag og safari i Mikumi National Park. I tillegg reflekterer og oppsummerer vi besøket i Ilula.

Lushoto
Lushoto Youth Peace Makers er namnet på det lokale KFUK-KFUM-arbeidet i Lushoto, Tanga Region. Her møter vi ein organisasjon som er aktiv i Stop Poverty-kampanjen til KFUK-KFUM. Vi møter sykkelklubben, Ten Sing, vi reiser til Bike & Hikei Usambara Mountains, vi besøkjer elevane på Irente School For The Blind, og nyt lunchen på Irente Biodiversity Farm, men også utsikta frå Irente View Point.

Moshi
I Moshi samarbeider vi med presten og forretningsmannen Mamkwe Godbless og kona hans Neema Alex som er rektor på ein barneskule med over 600 elevar. Heime driv dei også eit internat for over 200 barn, ein god del av dei er foreldrelause. Under opphaldet i Moshi brukar vi mykje tid i lag med Godbless og Neema, også på gudsteneste og på skulen. Vi besøkjer i tillegg ein Fair Trade kaffefarm, lærer om Tanzanitt og badar i Maji Moto Hot Springs.