Midtausten

I slutten av september er det tur til Midtausten.

Møtet med Midtausten er eit møte med menneske frå Israel og det okkuperte Palestina. Dei fleste av dei arbeider for rettferd og fred.

Vi får innblikk i historie og den geopolitiske situasjonen, men mest av alt eit møte med dei som bur der. Menneske som på ulike måtar er ramma av konflikten og okkupasjonen.

Vi besøkjer også nokre av dei heilage stadane. Vi skal spise ”verdas beste” falafel og drikke ”den beste teen” hos Sami i Star Street i Betlehem.

Dei som vil, kan bade både i Dødehavet og Middelhavet (Tel Aviv). Vi skal også på hike med beduinar og sove under open himmel i Jerusalem-ørkenen.

Palestinske stemmer og organisasjonar vi møter:

  • JAI (Joint Advocacy Initiative YWCA-YMCA) – The Olive Tree Campaign
  • Badil Resource Center for Palestinian Residency and Refugee Rights
  • BDS-kampanjen (Boycot Divestment Sanctions)
  • Kairos Palestine
  • Sahari Desert Eco Tourism
  • Nabi Saleh & Tamimi-familien
  • East-Jerusalem YMCA
  • Dheisheh eller Aida flyktningeleir i Betlehem

Israelske stemmer og organisasjonar vi møter:

  • Breaking the Silence/Combatants for Peace
  • Rabbiner Michael Melchior
  • Ardie Geldman frå Efrat Settlement utanfor Betlehem
  • ICAHD (Israeli Committee Against House Demolition)
  • Yad Vashem Holocaust Museum, Jerusalem