Kva vil det seie at de er ein kristen skule?

Sunnmøre Folkehøgskule er eigd og driven av KFUK-KFUM, ein internasjonal kristen barne- og ungdomsorganisasjon.

Vi skal vere ein stad der komfortsona di vert utfordra, men der du likevel kjenner deg trygg på at du er på rett plass. Difor er det viktig at verdiar som ærlegdom, respekt og kjærleik pregar både undervisning, fritid og internatliv.

Vi er ein rusfri skule og byggjer på eit kristent og humanistisk verdigrunnlag. Slagordet til eigarane våre, KFUK-KFUM, er «Ver deg sjølv, stå opp for andre». Vi håper du opplever det som meir enn berre fine ord.