SJØSNØSURF.INTERRAIL

Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Lærar / Pris

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element.

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Sardinia i Middelhavet. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. Og på godversdagar padler du kajakk og ser kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre rammer for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider.

Turen til Sardinia er ein to veker lang tur med tog gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, segling, padling og klippehopp, men også med mat, kultur, menneskemøter og tett fellesskap.

Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

 

Linjeinnhald

  • Linjetur Sardinia
  • Surfing
  • Segling
  • Topptur
  • Kajakkekspedisjon
  • «Møte med det ukjente»
  • 10-kamp
  • Fridykking basseng/ute
  • Strandafjellet Skisenter
  • Snøholetur
  • Bålprat
  • Pudderjakt
  • Elvevandring
  • Ski/snowboard
  • Fisketur
  • «Oppdrag Hjørundfjorden»
  • Sunnmørsalpane
  • Klippehopping
  • Solodøgn
  • Fjelltur
  • Vannsport
  • Fuglefjellet på Runde
  • Grottevandring

Les meir om linja

Laster...
 

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@sjosnosurfsunnmorefhs).

 

Film

SjøSnøSurf.Interrail på 1-2-5

Har du 1,25 minutt? Da kan du få eit lite innblikk i kva som venter deg på linja. Du finn også ulike filmar og bilete frå ulike opplegg på instagram (@sjosnosurfsunnmorefhs).

video
 

Studietur

På interrail kan vi reise dit vi vil. På veg til Sardinia ventar nye opplevingar utanfor togvinduet kvar einaste dag.

Vi reiser innom nær 10 land på denne turen. Nokre stopp er korte og andre plassar er vi på litt lengre besøk. Alle stadane er du likevel lenge nok til at du rekker å høyre språket, smake på maten, kjenne pulsen og merke lydane og luktene som møter deg.

 

Reisa vil starte på Raumabanen, og sno seg vidare gjennom Sverige, Polen, Tyskland, Tsjekkia, Ungarn, Bosnia, Kroatia og Italia. Europas nyare historie er spanande, og reisa vil ta oss med inn i den.

 

Opplevingane er mange. Vi kan bade på termalbad i Budapest, spise nydeleg kake på kafè i Praha, besøke tunnelen fra beleiringa av Sarajevo og snorkle i Dubrovnik.

 

Vel framme på Sardinia, ei øy som ligg vest for Italia i Middelhavet, vil vi være over og under vatn. Her er krystallklart vatn med mykje spanande og sjå på. Vi har med masker og snorkel, slik at vi kan hoppe i sjøen når vi har lyst. I vakre Capo Mannu skal vi leite etter gode bølgjer. 


På vestsida av Sardinia er det mange surfespot. Med godt over 200 surfedagar i året gjev det utfordringar på alle nivå. Her er også eit vakkert fyrtårn der du kan sitje å sjå utover havet, padle kajakk inn i rolege viker, segle i Middelhavet og finne klippar du kan hoppe frå i Cala Luna. Slik blir du kjend med øya. Når kvelden kjem, samlast vi rundt bordet for ein deilig italiensk pasta.

Interrail-billetten gjev oss fridom til å reise dit vi vil. Endringar i togtilbodet, og val vi gjer, kan endre turen frå år til år, men her er likevel eit eksempel på ei reiserute: 

Turen startar med Raumabanen frå Åndalsnes til Oslo, deretter er det tog til Hamburg, Berlin, München, Praha, Budapest, Sarajevo, Mostar og Dubrovnik. Derifrå er det båt over Adriaterhavet til Ancona, tog til Genova og til slutt ein ny båttur over til Sardinia og Capo Mannu der basecampen ventar i Oristano eller Cagliari.


Då er det berre å pakke tursekken med maske, snorkel, svømmeføtter, våtdrakt, badetøy, gode sko, shorts og sette seg på toget!

video
 

Sosiale medier

Instagram icon Sjekk oss ut på @sjosnosurfsunnmorefhs
 

Lærar

Lærar
Jan Einar Roos
jer@sufh.no | 70009600 | 45413231
Jan Einar er mannen bak SjøSnøSurf.Interrail, men føre alle andre når det er konkurranse. Han har eigen seglbåt og kan segle like godt til lands som til vanns – og i luften med. Det er ikkje Jan Einar som fann opp fjella på Sunnmøre, men han er i alle fall veldig, veldig godt kjent.
 

Pris

Kostnadar skuleåret 2020-21
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 77 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 93 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening: kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork: kr 36 000,-
Musikk.Friluft.Sør-Afrika: kr 38 000,-
Film.Sunnmøre.Europa kr 38 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Interrail: kr 40 000,-
Bo.Aktiv * kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.