Studietur

Post bilde

På interrail kan vi reise dit vi vil. På veg til Sardinia ventar nye opplevingar utanfor togvinduet kvar einaste dag.

Vi reiser innom nær 10 land på denne turen. Nokre stopp er korte og andre plassar er vi på litt lengre besøk. Alle stadane er du likevel lenge nok til at du rekk å høyre språket, smake på maten, kjenne pulsen og merke lydane og luktene som møter deg.

 

Reisa starter på Raumabanen, og snor seg vidare gjennom Sverige, Polen, Tyskland, Tsjekkia, Ungarn, Bosnia, Kroatia og Italia. Europas nyare historie er spanande, og reisa vil ta oss med inn i den.

 

Opplevingane er mange. Vi kan bade på termalbad i Budapest, spise nydeleg kake på kafè i Praha, besøke tunnelen fra beleiringa av Sarajevo og snorkle i Dubrovnik.

 

Vel framme på Sardinia, ei øy som ligg vest for Italia i Middelhavet, vil vi være over og under vatn. Her er krystallklart vatn med mykje spanande og sjå. Vi har med masker og snorkel, slik vi kan hoppe i sjøen når vi har lyst. I vakre Capo Mannu skal vi leite etter gode bølgjer. 


På vestsida av Sardinia er det mange surfespot. Med godt over 200 surfedagar i året gjev det utfordringar på alle nivå. Her er også eit vakkert fyrtårn der du kan sitje å sjå utover havet, padle kajakk inn i rolege viker, segle i Middelhavet og finne klippar du kan hoppe frå i Cala Luna. Slik blir du kjend med øya. Når kvelden kjem, samlast vi rundt bordet for ein deilig italiensk pasta.

Interrail-billetten gjev oss fridom til å reise dit vi vil. Endringar i togtilbodet, og val vi gjer, kan endre turen frå år til år, men her er likevel eit eksempel på ei reiserute: 

Turen startar med Raumabanen frå Åndalsnes til Oslo, deretter er det tog til Hamburg, Berlin, München, Praha, Budapest, Sarajevo, Mostar og Dubrovnik. Derifrå er det båt over Adriaterhavet til Ancona, tog til Genova og til slutt ein ny båttur over til Sardinia og Capo Mannu der basecampen ventar i Oristano eller Cagliari.


Då er det berre å pakke tursekken med maske, snorkel, svømmeføtter, våtdrakt, badetøy, gode sko, shorts og sette seg på toget!