SJØSNØSURF.HAWAII

Post bilde

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her kan det vere skikkelig uver og det kan blåse nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element. 

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Hawaii. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i kajakk eller i båt. Med eller utan segl. Og på godversdagar ser du kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre kulisser for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider.

Turen til Hawaii er ein toukers roadtrip med hiking, natur, fossar, surfing, bålprat og eit flott turfellesskap. Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”