LINJEINNHALD

Post bilde

Sjøsnøsurf.Hawaii er i og på sjøen hele året. I tillegg har vi gode snøforhold fra jul til mai.

Linjeinnhaldet har vi prøvd å forklare gjennom punkta ovanfor. En viktig del av linja er alle turane. Vi bur på surfecamp på Stad, på hytte i Hemsedal, i telt, under presenning og under åpen himmel når forholda ligg til rette for det. Enkelt friluftsliv er ein stor og viktig del av linja.

Året har mange høgdepunkt. Eit av dei er Oppdrag Hjørundfjorden. To fiskeskøyter, ein seglbåt og ein RIB reiser saman inn fjorden, og vi står på vannski, fiskar, les og går topptur.

Hjørundfjorden trenger seg inn i hjartet av Sunnmørsalpane, og utsikta er fantastisk både frå båtdekket og frå toppen av Skårasalen 1542 moh.

Turane til Stad for å surfe er eit anna høgdepunkt. Ikkje berre for surfinga, men vi kosar oss i Hoddevika mellom øktene. Inne på Strandro ventar det som regel taco til middag når vi kjem opp av sjøen.

Er du glad i topptur eller har lyst til å bli det, er dagane på forskjellige kjente toppar i Sunnmørsalpane noko av det beste som er. Kolåstind med pudder og strålande sol er ein dag du vil huske lenge.

Vi besøkjer Hemsedal ei veke i februar, der vi overnattar på Krik Høyfjellssenter. Innhaldet i denne veka er isklatring, topptur, langrenn og ein dag i bakken.

Du treng ikkje spesielle ferdigheiter for å gå på linja, men du må være glad i å vere ute uansett ver.